Det nye fylket skal heite Vestlandsregionen, men får truleg ikkje nynorsk som hovudspråk. – Alvorleg, seier Mållaget.

Dei tre fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har i natt forhandla fram ein intensjonsavtale om samanslåing frå 2020. Avtalen skal signerast seinare i dag.

Usemje om språket i Vestlandsregionen
Både Sogn og Fjordane og Hordaland nyttar nynorsk som hovudspråk, medan Rogaland nyttar bokmål. Det nye storfylket får truleg likevel ikkje nynorsk som hovudspråk.

– Nynorsk er viktig på Vestlandet, men for oss i Rogaland er det unaturleg om nynorsk skal vere hovudspråket, sa fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal, ifølge NRK.

Fleirtalet av kommunane i Rogaland brukar i dag nynorsk, eller dei er språknøytrale. 14 212 elevar i grunnskulen i Rogaland skriv nynorsk. Det er færre enn i Hordaland, men fleire enn i Sogn og Fjordane.

Leiar i Noregs Mållag reagerer
– Nynorsken treng område der han er i fleirtal og der det er mindre strid om han. Vinn Rogaland fram med sitt syn, fell eit viktig vern kring nynorsken. Det er veldig alvorleg, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i eit innlegg på Facebook.

Noregs Mållag har tidlegare vore kritiske til dei språklege konsekvensane av eit nytt storfylke på Vestlandet i ein kronikk i Bergens Tidende.

Skal dele på ansvaret
Dei ulike oppgåvene skal fordelast mellom dei tre fylka, med den politisk leiinga i Bergen. Stavanger vil få ansvar for næring, opplæring, transport og idrett, medan Sogn og Fjordane får ansvaret for veg og kultur.

Ingen av dei tilsette i dei tre fylkeskommunane vert sagt opp som eit resultat av samanslåinga, skriv NRK.


Les innlegget til KrF-politikar Tore Storehaug her: Språket mitt er ikkje unaturleg, Tengesdal!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE