– Snus er like farleg som røyk
Risikoen for hjarte- og karsjukdommar er minst like stor ved snusing som ved røyking – særleg for dei som ikkje trenar. Det går fram av ny forsking frå NTNU.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Å anbefale snus som eit trygt alternativ til tobakksrøyking er ikkje lenger godt grunngjeve. Det er å lure ungdom til å bli avhengig av eit stoff som på lang sikt kan gi alvorlege helseproblem, seier Eli-Anne Skaug, forskar ved NTNUs Institutt for sirkulasjon og bildediagnostikk, til gemini.no.
Ho og tre kollegaer har gjennomført ein stor studie med grunnlag i funn frå HUNT 3, den store befolkningsstudien i Nord-Trøndelag.
-
Les også: Snus med smak kan bli forbode i Noreg
-
Les også: Snus – godt for folkehelsa?
1.500 friske menn fekk målt blodårefunksjonen sin – eit mål for risiko for hjarte- og karsjukdom – og snusarane kom like dårleg ut som røykjarane.
I det såkalla kondisprosjektet i HUNT 3 var snusbrukarane yngre enn tobakksrøykjarane. Likevel var blodårefunksjonen dårlegast hos dei som snusar.
Forskarane fann også at snus er spesielt skadeleg for dei som ikkje held seg i god fysisk form.
(©NPK)