For få nye nynorskbøker for mellomtrinnet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre veke kom nominasjonane til bokkjeden ARKs barnebokpris – ei leselystsatsing der juryen består av 10.000 5.-7.klassingar frå heile landet. Følgjande titlar er valt ut av ein vaksenjury, basert på innsendte forslag frå forlaga sjølv:

Lars er LOL – Iben Akerlie (Aschehoug)

Maretorn – Tone Almhjell (Gyldendal)

Pyms mislykka sommerferie – Heidi Linde  (Gyldendal)

Anton og andre uhell – Gudrun Skretting  (Aschehoug)

Far din – Bjørn Ingvaldsen (Gyldendal)

For å finna ei nynorsk utgjeving blant topp fem må me heilt attende til 2007. Det året vart Happy av Linn T Sunne nominert frå Samlaget. Same år vann romanen Brageprisen.

LES OGSÅ: For mange engelske barnebokheltar

11 prosent nynorsk
Direktør ved Norsk Barnebokinstitutt Kristin Ørjasæter er diverre ikkje overraska over at det ikkje har vore fleire nynorske bøker blant dei nominerte til ARKs barnebokpris dei tre siste åra.

Ho ser nominasjonane i kombinasjon med utgjevingane. I 2013 var berre 11 prosent av dei norske barnebøkene utgitt på nynorsk, medan berre 1,8 av omsett barnelitteratur frå utlandet vart gitt ut på nynorsk. Tidlegare i år kom Anders Totland med vårens einaste ungdomsroman på nynorsk – det tilsvarar éin prosent av utgjevingane for denne aldersgruppa blant dei tre største forlaga.

Nettopp difor er Ørjasæter usikker på om kvotering er vegen å gå, særleg sidan prisen kjem frå det private næringsliv. Ho meiner kvotering verkar nesten urimeleg, når det kjem så få nye nynorske titlar.

Kategorisjef for barnebøker i ARK Bjørn Fredrik Drangsholt forklarar i ein e-post til Framtida.no at målformer har ikkje vore eit tema, på same måte som dei ikkje har føringar knytt til kjønn, debutantar eller erfarne forfattarar, illustrasjonar, forlag eller om det er skjønnlitteratur versus sakprosa.

«Vi har hittil ikke vurdert kvotering. Men vi er åpne for gode argumenter og vil alltid foran hver utvelgelsesprosess diskutere om vi kan og bør gjøre ting annerledes», skriv Drangsholt. 

Tid for nynorsk
Ole Ivar Burås (bildet) i Foreningen !les jobbar med leseformidling til elevar frå mellomtrinnet og opp til vidaregåande skule. Foreningen !les har reine lesesatsingar som antologiane tXt og sakprosamagasinet Faktafyk, men òg prisutdelingar som Bokslukerprisen og Uprisen.

På vårparten i år kom den første versjonen av tekstantologien «Tid for ti – på tide med nynorsk» der Burås har valt ut ti utdrag frå nynorske ungdomsbøker berekna på 7.klasse. 210 av 450 deltakarklassar var bokmålsbrukarar.

– Det er ikkje problem å finna masse gode nynorske titlar, men om det skulle vore ti nye, så hadde eg slitt, forklarar Burås, som meiner at det er å kvotere er å gjere nynorsken ein bjørneteneste. 

– Det er viktig med kvalitetssterke nynorsktekstar, framfor at einaste kriteriet er at tekstane er på nynorsk. Ved å fora dei med gode bøker kan ein endre fordommane, stereotypiane og den irritasjonen over nynorsk som finnast. Dei som har nynorsk som førstespråk har ikkje mange og gode nok titlar, slik at dei kan styrke sin språklege sjølvtillit. Og skal bokmålselevar bli hekta er ingenting betre enn tilgang på god litteratur. Men det er færre nynorsktitlar i omløp.

Mellomtrinnsproblem
Leseformidlaren erfarer at jo høgare opp i skulen elevane kjem, jo lettare er det å finna gode nynorsktekstar. Til Rein tekst-antologiane for dei eldste hentar dei gjerne frå vaksenlitteraturen.  

– Mellomtrinnet er utfordrande. Eg trur ikkje juryen ignorerer nynorsken. Det er eit godt utval, men kanskje ikkje godt nok. Kvaliteten finst, men titlane må bli gjort tilgjengeleg for lesarane. Ein må kopla bok og lesar, summerer Burås.

Glimt av Tor Arve Røssland var i år ein av dei nominerte til Uprisen. Han er ein av forfattarane både bokmåls- og nynorskelevar les med stor iver. 

Burås nemner Anders Totland si nye utgjeving som ein annan fersk favoritt.  

BOKMELDING: Sterkt og lågmælt om dei store spørsmåla

Fleire nynorskomsettingar
Ørjasæter meiner ein bør stimulere til fleire utgjevingar på nynorsk, og etterlyser særleg omsett litteratur på nynorsk – noko som i dag er nærast ikkje-eksisterande.

– Dei som meiner at det unødig å undervisa i nynorsk skriftleg, seier at bokmålsborn kan lesa og forstå nynorsk. Men det finnast jo nesten ingenting å lesa! Me treng eitt fornuftig kvantum av god kvalitet og eit tilbod. Eg tenkjer at nynorsk barnelitteratur burde vere ei kjelde til lesing for bokmålsbarn, som gjev kompetanse i nynorsk. Skal me ha to skriftspråk så må me ha tilgang på lesestoff. Og nynorsktalande born må vertfall få lesestoff på språket sitt, seier Ørjasæter, som etterlyser meir fokus på nynorsk barnelitteratur, ein tilsvarande nynorskpris og lesesatsing. 

BOKMELDING: Rørande og vakkert om vennskap

Samlagssatsing
Drangsholt i ARK viser til dømes til Samlaget, når me spør etter nynorsk litteratur i blant nominasjonane.

– Vår jobb er å gje ut bøker i så mange sjangrar som mogleg, og i dei sjangrane der me ikkje har nok bøker, supplerer me gjerne med omsett litteratur, forklarar Ragnfrid Trohaug (bildet), seniorredaktør for barn og ungdom i Samlaget.

– Det finst utruleg mykje bra som kjem på bokmål for denne aldersgruppa. Hjå oss har me mellom anna Lene Kaaberbøl sine bøker, men om ein skal snevra det inn til nyskrivne nynorske bøker er det færre, medgjev Trohaug, som likevel ikkje meiner det er nokon grunn til å slå alarm.

Ho forklarar at dei jobbar aktivt med å rekruttere fleire forfattarar til å skriva for mellomtrinnet – noko ho varslar at ein vil sjå fruktene av allereie til neste år.

– Til neste år vert det fleire sterke kandidatar. Eg må vera såpass oppesen at til neste år håpar og trur eg at me har éin nominert.

– Er dette ei spesielt vanskeleg målgruppe å skriva for?

– Det kan vere ei utfordring at dette er ei målgruppe som har ein god narrativ forståing, fordi dei ser mykje film og spelar data. Men dei er ikkje nødvendigvis veldig trente lesarar. Når ein skal skrive i den sjangeren må det difor både vere ei interessant fortelling og dramaturgi, samstundes som ein får med dei som ikkje er supersterke lesarar, svarar Trohaug.

Bokmelding: Rekrutten: Spenning, vald og mykje blod