– For få barnebøker på nynorsk

Norsk barnebokinstitutt åtvarar om at det finst for få barnebøker på nynorsk. Av omsette barnebøker er berre 1,8 prosent på nynorsk.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saknar nynorskbøker

– Eg vart litt forskrekka då eg såg kor dårleg det står til, seier direktør for Norsk barnebokinstitutt Kristin Ørjasæter til Dagsavisen. Ho viser til at dersom ein meiner at barn skal ha litteratur på sitt eige mål, treng ein eit større utval.

LES OGSÅ: Digital storsatsing i Samlaget

Den ferskaste barnebokstatistikken for 2013-utgjevingane viser nemleg at av 401 nye norske bøker for barn og unge, er berre 11 prosent på nynorsk. Av 491 nye barnebøker som er omsette, er berre 1,8 prosent, det vil seie ni bøker, på nynorsk. Det betyr at av totalt 892 nye barnebøker var berre 53 på nynorsk.

Noko av problemet med for få nynorskbøker, er at barnelitteratur på bokmål sel betre. Ein av grunnane til det kan vere korleis bokhandlarar presenterer bøkene, trur konstituert forlagssjef i nynorskforlaget Samlaget Ragnfrid Trohaug.

LES OGSÅ: Forlag samarbeider om e-bøker

– Den nynorske barnelitteraturen får ikkje den same eksponeringa som bokmål i bokhandlane. Det er som når ernæringsfysiologar seier du skal setje fram oppkutta frukt for å få barna til å ete. Slik fungerer det med litteratur også, seier Trohaug til Dagsavisen. (©NPK)

LES OGSÅ: Mannetung Upris