Rørande vakkert om vennskap
BOKMELDING: Strålande vakker og poetisk bok med korte forteljingar om vennskap.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Korleis får ein seg ein venn? I Ta 100 steg og få ein venn er me fluger på veggen i det magiske første møtet mellom små menneske. Erna Osland viser nok ein gong den sjeldne evna ho har til å skriva frå ståstaden til barn. Boka liknar poesi ved den effektive bruken av få setningar og ord som set lesaren i nye stemningar og lar oss bli kjend med dei ulike personane i kvar historie. Alt blir ikkje sagt rett ut, difor eignar boka seg godt som grunnlag for samtale med ungane.
Boka kan eigna seg for høgtlesing i småskulen eller eigenlesing frå mellomsteget. Skrifta er mellomstor, med korte, lettlesne setningar.
Eigentleg kan alle ha godt av å lesa boka. Alle treng venner – og både ungdom og vaksne kan ha godt å lesa om korleis ein kan skapa vennskap.
MELD DEG PÅ! Få siste boknytt i innboksen!
Faktaboks
Ta 100 steg og få ein venn
Erna Osland og Torill Stranger (ill.)
Samlaget 2015