Frp-støtte til gyldig køyretimefråvær

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frp støttar køyretimefråvær

Måndag sa statssekretær Magnus Thue (H) i Kunnskapsdepartementet til VG at Sogn og Fjordane fylkeskommune vil få klar beskjed om at den må endre praksis og følgje det nasjonale regelverket. Men no kan departementet bli utfordra også av regjeringspartiet Frp.

Tre veker etter at regjeringa innførte den nye grensa på 10 prosent udokumentert fråvær i vidaregåande skule, ønskjer nemleg Frps programkomité å innføre det same tiltaket på landsbasis, skriv Klassekampen.

– Vi ser at regelverket har skapt utfordringar for elevar som vil ta lappen, og det vil vi ordne opp i, seier Bård Hoksrud, stortingsrepresentant og medlem av Frps programkomité.

Hoksrud meiner framgangsmåten i Sogn og Fjordane verkar fornuftig og er ikkje bekymra for at forslaget vil gjere at elevar går glipp av for mykje skule. Han får ifølgje Klassekampen støtte frå Senterpartiet og ungdomspartia FpU og Unge Høgre i at det er rom for endringar. Men departementet står på sitt.

– Vi har ingen planar om å gjere endringar i fråværsreglane for køyreopplæringa. Det er viktig å huske at køyreopplæring aldri har vore gyldig fråværsgrunn, seier Thue. 

I Volda får fråværsreglane konsekvensar for trafikkopplæringa. – Lærarane blir tvungne til å jobbe nesten utelukkande på kveldstid. Det gjer yrket mindre attraktivt og senkar kvaliteten på lærarane, seier Kjell Erik Rotevatn i Rotevatn Trafikkskule