Mindre hippocampus – meir stress

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mindre hippocampus – meir stress

Nivået ditt av stress, angst og depresjon kan ha samanheng med størrelsen på hippocampus i hjernen, meiner forskarar

– Det vi fann, var at dei som har høgt stressnivå har ein mindre hippocampus enn dei som har lågt stressnivå, seier professor Jan Bergdahl ved Universitetet i Tromsø.

Artikkelen til Bergdahl, skriven saman med Lenita Lindgren og Lars Nyberg, blei nyleg publisert i tidsskriftet Cerebral Cortex, Oxford Journal.

Hippocampus, som er ein 3–4 centimeter lang struktur som ligg i tinninglappen, har funksjonar knytt til hukommelse og orienteringsevne. Den nye forskinga viser at storleiken på hjernedelen kan vere avgjerande for kor sårbar ein er for stress.

Forskingsprosjektet følgde 111 vanlege menneske i 15 år for å måle stressnivået deira. Forholdet mellom størrelsen på hippocampus og stressnivået var tydeleg.

– Størrelsen på hippocampus kan vere medfødt, så dermed kan du allereie frå fødselen vere meir sårbar for stress. Men sårbarheita er også eit samspel mellom arv og miljø, seier Bergdahl.

Forskinga fann ingen forskjellar mellom menn og kvinner. Derimot fann forskarane samanheng mellom stress og hukommelsen vår, sidan hippocampus styrer minnet vårt.

– Gløymer ein mykje, blir ein igjen meir stressa, og mykje stress over tid er som kjent ein trigger til angst og depresjon. Det er ikkje stress, men opplevinga av stress som er avgjerande for om det er lastande eller skadeleg for oss, meiner Bergdahl. (©NPK)