Gutar er meir utsett for skjult mobbing

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Gutar er meir direkte, mindre utspekulerte, og ordnar opp der og då. Jentemobbing dreg ut i tid, går føre seg i det skjulte, og kan øydelegge heile klassemiljøet.»

Det var omkvedet då forskarane besøkte over 20 skular for å observere og undersøke mobbing. At resultatet blei noko heilt anna, kom derfor som ei overrasking på forskarane:

– Vi blei overraska over kor mange historier gutane fortalde om relasjonelle krenkingar og mobbing, seier forskarane Ingunn Eriksen og Selma Therese Lyng til Kilden kjønnsforsking.

LES OGSÅ: Flinke elevar blir oftast mobba

Gutane såg det ikkje som mobbing
Då dei lette etter resultat frå tidlegare forsking, fann dei støtte i ein studie frå 2010, gjort av professor Dan Olweus. Studien konkluderer med at gutar utøver både direkte og skjult mobbing i større grad enn jenter. I tillegg finn han at gutar også er meir utsett for begge former for mobbing. 

Problemet, fortel Eriksen og Lyng, er at gutane ikkje karakteriserte episodane som mobbing. Det å bli utestengt eller utfryst blei av gutane oppfatta som eit individuelt problem, i tillegg til at dei var vande med forestillinga om at dette er «jentedrama».

– Det motsette av maskulinitet er å vere jentete på ein negativ måte. Dersom ein gut uttrykkjer seg sjølv som mobbeoffer på ein jentete måte, kan det gjere han endå meir utsett, seier Eriksen til Kilden.

LES OGSÅ: I august opna kunnskapsministeren ei ny nettside mot mobbing

Jentene ber om hjelp
Ho meiner at jenter har eit betre omgrepsapparat til å forstå når dei blir utsett for mobbing. I tillegg er dei flinkare til å be lærarane om hjelp. For gutar var det annleis:

– Han forstod det som eit hierarkiproblem, og opplevde det som om utestenginga handla om ham og hans personlegheit, ikkje om klassemiljøet, seier Eriksen om eit av tilfella.

I tillegg er det ei større sperre for ein gut å uttrykkje kjensler, noko som gjer det endå vanskelegare å få slutt på mobbinga.

Eriksen oppmodar derfor lærarar om å spørje elevane meir direkte om dei har blitt utsett for baksnakking eller utfrysing, slik at det er større sjanse for å nå gjennom «muren».

LES OGSÅ: Mobbarane har størst risiko for å falla utanfor i samfunnet