Mobbarane har størst risiko

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På ungdomsskulen er det sju prosent som blir plaga, truga eller frose ut av jamnaldrande minst kvar 14. dag. Mange av desse kan nok vurderast som «mobbeoffer».

Det viser Ungdata-rapporten som blei lagt fram i dag.

Delen som vert utsett for mobbing, avtek med aukande alder, og på vidaregåande er delen som blir mobba på denne måten rundt fem prosent. Samla er det ikkje store kjønnsskilnader, men i midten av tenåra er jenter noko meir utsett for mobbing enn gutar.

Sidan Ungdata-målingane starta, har delen jenter som er utsett for mobbing, auka frå rundt seks til åtte prosent. Blant gutane har tala vore stabile.

Dårlege levekår for dei som vert mobba
I rapporten har forskarane undersøkt korleis ungdomane som blir mobba, har det samanlikna med dei som ikkje vert mobba.

– Me finn at ungdom som vert mobba, har langt dårlegare livssituasjon i ungdomstida enn dei som ikkje er utsett for mobbing, fortel prosjektleiar Anders Bakken (bildet).

Offera for mobbing har blant anna betydeleg fleire fysiske og psykiske plager enn andre, dei trivest dårlegare, dei skulkar meir, blir utsett for meir vald, bruker meir rusmiddel og er langt oftare involvert i kriminalitet samanlikna med andre.

Det er òg fleire av dei som vert mobba som manglar fortrulege vener, og dei er mindre nøgde med foreldra sine enn andre.

Dei ungdomane som blir mobba fleire gonger i veka, er særleg utsett.

Prosent unge som blir erta, plaga eller frose ut:

Sjå tal for kommunen din her!

Dei som mobbar har ofte problemfylte liv
Det er likevel over tid stadig færre gutar som rapporterer at dei sjølv mobbar andre.

Forskarane har òg undersøkt livssituasjonen til dei som utset andre for plaging og utestenging. Mønstera er på dei fleste område påfallande like som for mobbeoffera.

– Samstundes er det meir ekstreme utslag for mobbarane, understrekar Bakken.

– Dei skårar endå høgare på det som innan forskinga vanlegvis vert rekna som typiske risikofaktorar for skjeivutvikling i ungdomstida.

Det vil seia at dei som mobbar andre, har endå høgare nivå av kriminalitet enn mobbeoffera, det er endå fleire som bruker rusmiddel, som skulkar og som gjer lite leksar. Samstundes er mobbarane langt mindre heimeorienterte og meir orientert mot det å vera ute med vener enn dei som blir utsett for mobbing.

Video frå debattmøtet etter lanseringa av Ungdata-undersøkinga: