Flinke elevar blir oftast mobba

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det melder Utdanningsnytt.no. 

Ifølgje ein rapport frå NTNU samfunnsforsking, som tek utgangspunkt i den årlege Elevundersøkinga, ser det ut til å vere ein samanheng mellom høge prestasjonar i skulen og risiko for å bli mobba.

I 2014 svara 7,28 prosent av elevane med 6 i dei fire faga at dei vart mobba.

Denne gruppa skil seg ut som klart mest utsett, om ein deler inn etter karakterar.

På andreplass kom elevane med under karakter 3 i alle faga, der 6,45 prosent svara at dei vart mobba.

Variasjonen er størst i svara for elevane med dei høgaste karakterane. Dei som hadde karakterar mellom 5 og 6 vart minst mobba.

Analysen er gjort i samband med at Kunnskapsdepartementet i fjor sette ned eit utval for å vurdera korleis norsk skule kan ta betre vare på høgt presterande elevar. 

Les meir: 

Filmskapar Guro Saniola Bjerk har følgt same skuleklasse i ni år