Rekordmange nordmenn studerer i utlandet. I fjor reiste 25.350 studentar ut, ifølgje Lånekassen.

NPK
NPK

Dei siste åra har det vore ein auke kvart år. 17.450 av utanlandsstudentane tek heile utdanninga sin utanfor Noreg. I ei pressemelding skriv Lånekassen at delen studentar som tek imot støtte frå dei, held seg stabil på omtrent 15 prosent.

Storbritannia er framleis det mest populære studielandet.

– Trass i ein liten nedgang, valde heile 5.565 studentar i fjor å ta heile eller ein del av utdanninga si i Storbritannia, medan 3.415 nordmenn valde USA. Også Danmark, Australia og Polen er populære studieland, seier administrerande direktør Marianne Andreassen i Lånekassen.

Nesten 10.000 av utanlandsstudentane er på bachelornivå, medan drygt 7.000 held på med ein mastergrad.

I tillegg til studentane, tok 1.945 elevar i andre årstrinn på vidaregåande eit skuleår i utlandet. (©NPK)

Les meir:

 

Tredobling av utvekslingselevar frå Noreg

Studentar vel dårlege skular i utlandet

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11
ANNONSE