Slik vil LO auke statusen til yrkesfaga

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Om fagskulane blir styrkte til ei «høgare» yrkesfagleg utdanning, kan det føre til at elevane vel yrkesfag, meiner ho.

Målet til LO-leiaren er å heve kvaliteten og statusen til dei praktiske faga.

– Om fagskulane blir styrkte til ei «høgare» yrkesfagleg utdanning, kan det føre til at elevane vel yrkesfag, når dei ser at dei har karrieremoglegheiter, seier Kristiansen til Klassekampen.

Ho seier ho ønskjer ein modell som liknar slik det er i Tyskland, der yrkesfag har ein høgare status.

Søkjartala til yrkesfag på vidaregåande fell, og fråfallet er stort, men ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) er det behov for 100.000 nye fagarbeidarar innan 2030.

– Det er alltid billigare å køyre skulestoveundervisning enn praktisk undervisning. Men dersom ikkje Noreg vel å satse på dette, vil vi aldri klare å halde oppe den kvaliteten og produktiviteten vi har i norsk arbeidsliv i dag. (©NPK)

LES OGSÅ: Stolt over å vera automatikar