Vil gjera det lovleg å bruka narkotika

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alle ungdomspartia på venstresida vil slutta å straffa dei som blir tatt med brukardosar med narkotika. Raud Ungdom vedtok i helga at dei også vil greia ut legalisering av milde stoff.

– Me oppmodar ingen til å ta narkotika, men det er grenser for kor lenge me kan akseptera ein narkotikapolitikk som ikkje fungerer, seier leiar i Raud Ungdom Linn-Elise Øhn Mehlen til Klassekampen.

I Noreg har venstresida lange tradisjonar for ein restriktiv narkotikapolitikk. Det kan vera i endring, for no støttar dei tre ungdomspartia AUF, Sosialistisk Ungdom og Raud Ungdom ulike variantar av avkriminalisering, skriv avisa. Det vil seia at dei ønskjer at dei som blir tatt med brukardosar, ikkje skal straffast.

AUF har fått med seg Arbeidarpartiet på heroinassistert helsehjelp til dei tyngste misbrukarane, men ut over det støttar ikkje moderpartia ungdomspartia.

Rundt 260 nordmenn døyr av overdose kvart år. Berre Estland har fleire overdosedødsfall per innbyggjar.

LES OGSÅ: Narkotika har blitt meir akseptert blant unge

Vil avkriminalisera all bruk
Unge Venstre, Framstegspartiets Ungdom og Grøn Ungdom vil avkriminalisera all bruk av narkotika stoff.

Unge Venstre vil regulera omsetnaden av alle narkotiske stoff, medan Grøn Ungdom ønskjer at innføring, produksjon og sal av narkotika framleis skal vera straffbart. FpU ønskjer å legalisera lettare narkotiske stoff.

KrFU, Senterungdommen og Unge Høgre er dei einaste ungdomspartia som no ikkje har programfesta nokon liberaliseringa av narkotikalovgjevinga.

LES OGSÅ: – Me må satsa meir på førebygging