1. juli tok Inga Marie Nymo over roret i Studentanes og Akademikaranes Internasjonale Hjelpefond.

Faktaboks

Fakta om Inga Marie Nymo Riseth:

Frå: Narvik

Alder: 25

Studerer/jobbar med: Leiar av SAIH, og har permisjon frå studiar i menneskerettar

Favorittfag på skulen: Matematikk og samfunnsfag

Ulike verv: uendeleg mange verv frå SAIH, tidlegare ungdomsdelegat til FNs Generalforsamling.

Medlem i (utanom SAIH): Framtiden i Våre Hender, Støttekomiteen for Vest-Sahara, Palestinakomiteen. 

Hobby og fritid: Nyter tida med kjærast, vener og familie, joggar og prøver å dyrka grønsaker på balkongen. 

LES FAKTALUKK FAKTA

I 2014 vart ho sendt ut frå Israel for engasjementet sitt, og i vår skjedde det same i Vest-Sahara. No vil Inga Marie Nymo Riseth jobba for ei verd der ingen skal blir forfølgt eller fengsla for å tenka fritt, som ny leiar av Studentanes og Akademikaranes Internasjonale Hjelpefond (SAIH).

– Kvifor er det bruk for SAIH?

– SAIH jobbar for ei rettferdig ved, og me gjer det gjennom høgare utdanning og studentsolidaritet. God høgare utdanning gjer individ i stand til å tenka kritisk og utfordra systema som i dag skapar og held ved like ulikskap.

– Likevel lever me i ei verd der høgare utdanning er eit privilegium for mindretalet, der alt for mange blir stengt ute og diskriminert grunna sosial tilhøyrsle, etnisitet, kjønn, seksuell orientering eller kjønnsidentitet. Ei verd der studentar og akademikarar som tenkjer nytt, og brukar ytringsfridomen og retten til å demonstrera, blir forfølgt og fengsla. Gjennom utdanningsbistand, politisk påverknad og informasjonsarbeid jobbar SAIH for å endra dette.

– Kva er dei viktigaste sakene for SAIH anno 2016?

– Me jobbar for å beskytta og styrka ungdoms- og studentaktivisme. Det gjer me gjennom Operasjon Dagsverk 2016, som går til prosjektet «Utdanning – det kraftigaste våpenet» i Colombia. Me jobbar også for prøveordninga Students at Risk, som gir studentar som er utvist grunna politisk engasjement ein sjanse til å fullføra studiane i Noreg. Me håpar å få gjort den permanent.

– Me held også fram arbeidet med å endra korleis bistandsbransjen og media kommuniserer om utvikling og bistand. Saman med Changemaker og Spire skal me i september gjennomføra kampanjen «Verdens Beste Nyheter» for å formidla positive nyheiter frå utviklingsland og bidra til betre kompetanse om utvikling. Før jul kjem me også med noko spanande nytt innan Radiaid-kampanjen vår, og me held fram med å kåra gode og dårlege innsamlingsvideoar. Tips oss!

Lærte tidleg at verda er større enn heimbyen
– Kva vil SAIH merka av forskjell med deg som leiar?

– Fleire av leiarane før meg har vore inspirerande på kvar sin måte, og eg vil ta med mykje frå dei. Den gode organisasjonskulturen i SAIH, med kort veg frå aktivist til leiar, er noko eg set stor pris på. I året som kjem vil eg jobba for profilen til SAIH eksternt, og for å styrka eigarskapet hos akademikarmedlemmane våre.

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Heilt sidan eg var liten har eg blitt engasjert og opprørt over urettferd. Det har nok mykje å gjera med heimen eg vaks opp i. Eg lærde tidleg at verda er større ein heimbyen min, og at det som skjer utanfor Noreg også angår meg.

– Kva er hjartesakene dine?

–  Eg vil at skular og universitet skal vera trygge og opne for alle, og at studentar og akademikarar verda over skal kunne ytra seg heilt fritt, utan å frykta for livet. Som ein forkjempar for ei rettferdig verd har eg også eit sterkt ønske om at okkuperte land som Vest-Sahara og Palestina skal få fridomen sin.

– Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom over heile verda kan nå fram til dei som styrer?

– Reell og meiningsfull ungdomsmedverknad i avgjersleprosessar lokalt, nasjonalt og internasjonalt. FNs Sikkerheitsråd vedtok resolusjonen 2250 i desember, som omhandlar ungdom, fred og tryggleik. Den forpliktar FNs medlemsland til å inkludera ungdom. No må landa, også Noreg, implementera dei sjølv.

– Kva er idealsamfunnet?

– Eit samfunn der menneskerettane ligg til grunn, og ulikskapane er små.

Les meir:

Inspirert av Barack Obama sin fredspris i 2009, deler SAIH ut ein proaktiv fredspris til Noregs statsminister og partane i konflikten i Vest-Sahara.

I januar vart ei gruppe studentar frå SAIH – blant andre Inga Marie Nymo – sendt ut av Vest-Sahara.

Marianne Andenæs skal leia NSO: – Politikarane skal konkurrera om å ha best utdanningspolitikk

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE