Studentar deportert ut av Vest-Sahara

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nordmenn deportert frå Vest-Sahara

– Me vart bedd  om å kome ut av bussen og ta med all bagasjen vår, seier Inger Rabbe Larsen til Støttekomiteen for Vest-Sahara sine nettsider.

Det var Støttekomiteen for Vest-Sahara som først melde om at ei gruppe beståande av ni norske og ein nederlandsk student søndag vart stoppa av marokkansk politi på veg til byen El Aaiun, som er hovudstaden i området Vest-Sahara som er under marokkansk kontroll.

Området vert av FN rekna som verdas siste koloni. FN jobbar framleis for ei fredeleg konfliktløysing og har utvida si overvaking av våpenkvila i området til april 2016.

SAIH har engasjert seg i konflikten, og kom i fjor med ein rapport som dokumenterer 300 brot på menneskerettane.

LES OGSÅ: Folket som ventar

Godtek ikkje politiske besøk
At nordmenn vert nekta innreise i Vest-Sahara er langt frå uvanleg. I 2014 opplevde Rafto-stiftinga og ein delegasjon for Støttekomiteen for Vest-Sahara tilsvarande episodar.

Det var søndag kring klokka 10 norsk tid at dei ti studentane i SAIH vart plukka ut av tre ulike bussar på veg mot El Aaiun.

Gruppa frå SAIH skulle etter planen vitja ferdigutdanna, arbeidslause studentar som de siste vekene har protestert mot arbeidsløysa i byen. Før jul melde Western Sahara Resource Watch om at demonstrantar vart banka opp av tryggleiksstyrkar.

I tillegg skulle Rabbe Larsen og systera vitja eit senter for folk med funksjonshemmingar.

Etter fleire timar på checkpointen der dei ti var plukka ut, fekk dei ifølgje nestleiar i SAIH Inga Riseth beskjed om kvifor dei måtte snu.

– Til slutt ga politiet oss tre grunnar til at me ikkje var velkommen til El Aaiun. Éin var at me kan gå oss vill i byen, ein annan var at det var hyggelegare for oss å vere i Agadir, og ein tredje var at me ikkje fekk lov til å kome inn fordi dei ikkje tillèt politiske besøk, forklara Riseth til Støttekomiteen for Vest-Sahara.

Studentane vart difor sendt ut av området med drosje, som politiet fekk tak i.

LES OGSÅ: – Stans oljeleitinga utfor Vest-Sahara

 

http://www.vest-sahara.no/onepx.gif