Nynorsk er faktisk det beste valet på alle måtar

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Derfor bør du velje nynorsk

Det dukkar innimellom opp sjølvutnemnde «riddarar» som meiner dei må fri folk frå nynorsken på bakgrunn av prosenttal og velmeinte råd om kva som er best for ungdommar og folk flest.

Éin ting bør ein ikkje gløyme: Noreg har to offisielle og sidestilte norske skriftspråk: bokmål og nynorsk. Dette er vedteke ved lov, og ein har hatt denne lova heilt sidan 1885. Med dette følgjer det eit nasjonalt ansvar, men også eit personleg ansvar. Ein vil ikkje bli pressa til å bruke nynorsk, men ein ventar at nynorskbrukarane skal bruke bokmål for at ein sjølv skal gidde å lese det dei har å seie. Dette kan då ikkje vere riktig i eit demokratisk samfunn.

Det er stort sett valfritt å bruke den målforma ein sjølv føretrekkjer. Men denne valfridommen føreset at ein faktisk kan bruke begge målformene når som helst og kvar som helst. Det kan ikkje vere slik at ein opplever diskriminering i kvardagen fordi ein bruker den eine eller den andre målforma. I praksis er det dessverre slik at mange nynorskbrukarar opplever diskriminering. I den grad dei får tekstar på nynorsk i dei samanhengane dei har krav på det, er det ofte dårleg nynorsk. Og i andre samanhengar kan dei oppleve at folk ikkje vil lese det dei skriv på si målform.

Dobbelt så mange nynorskbrukarar som islendingar
Det er vanskeleg å rekne seg fram til kor mange som faktisk bruker nynorsk i Noreg – og ikkje minst kor mange som helst ville ha brukt nynorsk, men lèt vere på grunn av språkleg diskriminering. Men lat oss no seie at det er ca. 12-13 % ut frå skolemålsfordelinga. Det ser ut som eit relativt lite tal, men det er likevel ca. 600 000 menneske, som ikkje er noko lite tal. Det er nesten dobbelt så mange som heile Islands befolkning. Gjennomsnittstalet seier heller ikkje noko om at det i nokre område i Noreg kan vere opp mot 100 % nynorskbrukarar.

Ja, det er mange som skiftar frå nynorsk til bokmål på grunn av majoritetspresset i samfunnet. Men det viser seg òg at det faktisk er svært lett for nynorskbrukarar å skifte til bokmål. Nettopp fordi ein møter bokmål overalt, kan ein nesten ikkje unngå å lære bokmål, sjølv om ein har nynorsk som hovudmål. Lærer du nynorsk først, får du bokmål med på kjøpet.

Få nynorskelevar hatar bokmål
Kva er så fordelane med å ha nynorsk som hovudmål i skolen? Mange studiar viser at det er ein stor fordel å lære fleire språk, og ikkje minst å vere tospråkleg, som ein i praksis blir når ein meistrar bokmål og nynorsk like godt. Det har god effekt på andre læringsområde, så ein presterer generelt betre i skolen, og det ser til og med ut til å forseinke demensproblem seinare i livet.

Mange bokmålselevar innrømmer utan å blunke at dei «hatar» nynorsk. Det finst derimot heller få nynorskelevar som hatar bokmål. Møter ein nynorsk som sitt første skriftspråk i skolen, er sjansen større for at ein ikkje kastar bort ressursar og energi på å hate ein del av den norske skriftkulturen og personar som ein assosierer med nynorsk. Dette vil potensielt også kunne motverke mobbing i skolen og skape større toleranse i det fleirkulturelle samfunnet som vi alle er ein del av.

Dei som hatar nynorsk får ikkje like mykje ut av skulegangen
Eg underviser i norskspråklege emne i lærarutdanninga og møter kvart semester nye studentar som slit med å produsere gode tekstar på nynorsk. Studentane har valt å ta ei utdanning der det står eksplisitt i dei offisielle nasjonale rammeplanane at ein skal meistre bokmål og nynorsk like godt. Men sidan dei har hatt nynorsk som sidemål i skolen, og fordi dei blei sosialiserte inn i ein kultur der ein meiner at nynorsk er mindre viktig, eller at ein til og med kan ha lov til å hate nynorsk, har dei ikkje fått like mykje ut av skolegangen som dei som hadde nynorsk som hovudmål og meistrar begge målformene meir eller mindre like godt.

Faktisk det beste valet på alle måtar
Dersom du er ein vaksen person som ønskjer det beste for den oppveksande slekt, stemmer du for nynorsk som hovudmål i skolen. Det er faktisk det beste valet på alle måtar – dersom ein aksepterer at Noreg har to offisielle, norske skriftspråk, og det skal vere reell valfridom for dei vaksne å bruke den målforma ein føretrekkjer.

Innlegget har også vore publisert hos Gudbrandsdølen.

Har Framtida.no meir interessant stoff om nynorsk? Eh, ja:

Jon Hustad fekk reaksjonar då han kom med dette kontroversielle forslaget: – Sidemålsundervisinga bør avviklast

André Nilsson Dannevig såg at Oslo-elevar bytte hovudmål til nynorsk. Det var rart, tenkte han. Så han ville finna ut kvifor.

Martine Rørstad Sand er Årets nynorskbrukar: Ho har kanskje gjort det viktigaste målarbeidet sidan Ivar Aasen, skriv journalist Anders Veberg.