Martin Årseth skal læra sonen sin å snakka færøysk

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 04.02.2018 13:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Martin (28) lærer færøysk

Det er kanskje 65 000 menneske i verda som snakkar færøysk. Dei aller fleste av dei bur mellom 70 000 sauar på 18 forblåste øyar i havgapet 60 mil vest for norskekysten.

Likevel har 22 studentar frå heile Norden valt å bruka tre veker av sommaren på å læra seg den innfløkte grammatikken i færøysk – som rett nok blir forenkla gradvis over tid, fordi færøyingane sjølve slit med språket – gjennom Nordkurs.

Arven frå mor
Éin av desse er Martin Årseth (28), Twitter-kongen og målhovdingen frå Lindås i Nordhordland. Medan dei fleste andre på kurset studerer nordisk språk og lingvistikk, har Martin ein heilt annan grunn til å læra seg færøysk. Denne grunnen heiter Hogne, og er to månader gamal. Mor til Hogne har familien sin frå Færøyane. Martin er far til Hogne, og tar oppsedinga av sonen på alvor.

– Eg tenkte at det er viktig å vidareføra den færøyske kulturen, og viss nokon skal læra han færøysk, kan det like godt vera meg, seier Martin.

Difor har han reist til Tórshavn, hovudstaden og største byen på Færøyane, på kurs. Der har han lært både språket, folket, fotballsystemet og karaoketradisjonane å kjenna.

«Dei er vestlendingar, dei er jo det»
– Hadde du noko forhold til Færøyane frå før?

– Ikkje utover at eg har fantasert og romantisert om kor flott det er med øyane ute i havet. Det er omtrent sånn som Vestlandet, berre at det er plassert langt uti havet.

– Ja, eg har høyrt at Færøyane eigentleg berre er Bømlo som har slite seg lenger vestover. Stemmer det?

– Nei, kanskje ikkje Bømlo, men ja. Dei er vestlendingar her, dei er jo det. Det er 70 000 sauar på øyane, og alle jobbar med fiskeri (innbyggjarane, ikkje sauane, journ. anm.). Dei som ikkje jobbar med fiskeri, jobbar med sauar. Det er jo sånt me kjenner att heimefrå.

– Men dei er ikkje bakstreverske, det er vanlege folk, altså. Det er ikkje som å reisa bakover i tid. Dei har Internett her òg.

Sidan 70-talet har grannespråkforståinga i Norden gått ned.
– Mellom 80 og 90 prosent av orda på dansk, norsk og svensk er anten identiske eller liknar kvarandre, uttala Heidi Lønne Grønseth i Foreningen Norden i Språkåret 2013.

 «Báturin siglur inn í fittu vágina»
– Er det vanskeleg å læra færøysk?

– Både ja og nei. Grammatikken er heilt jævleg, rett og slett. Men ordforrådet minner om norsk, og det minner veldig mykje om vestnorsk. Så det er mange ord du kjenner att, men så er det litt rare stavemåtar, og så er det veldig vanskeleg å bøya dei. Alt blir bøygd i kjønn, og så har dei kasus. Dei bøyer mellom anna talet «ein» i fleirtal. Det gir jo ikkje meining for vanlege folk. Dei seier ikkje «eit par bukser», dei bøyer «ein» for å få det til å bli eit par. Det er litt fjernt for meg, som ikkje kan noko særleg om språk.

– Fordelen min er at eg har mykje av tonefallet og mange av lydane og orda frå før i dialekten. Det manglar mange av dei andre. Viss læraren seier; «Kan du lesa ei setning, Martin?» så seier eg; «Ja, lat meg sjå», og så seier ho; «Ja, kjempeflott færøysk!». Men eg snakkar berre norsk.

– Kva er det styggaste du kan seia på færøysk? Lært nokon gode banneord?

– Ja, det er jo det einaste eg driv med. I dag skulle alle skriva inn ei setning på tavla, og då greidde eg få med både «urin», «fitte» og «vagina» i ei kort setning. Men det betyr heilt andre ting! Det eg skreiv var berre; «Båten siglar inn i ei fin bukt», som på færøysk blir; «Báturin siglur inn í fittu vágina». Og så lærte eg at «hallik» på færøysk er «pútusveinur». «Hore» på spansk er «puta», og det er det på færøysk òg, medan «sveinur» berre er namnet Svein med ei ending. Direkte omsett tyder det «hore-Svein». Så det er mykje artig.

Banning er eit internasjonalt språk. – Å bruke tabuord, som å kalle nokon for «fitte» eller å rope «faen i helvete» kan verke som ein sikkerheitsventil. Banning er jo avmaktas språk, sa Ruth Fjeld då Framtida.no tok ein griseprat med språkprofessoren.

«Hæ? Kvifor skal du læra færøysk?»
Det er ikkje berre dei stygge orda som interesserer Martin med det færøyske språket. Han har vore mykje aktiv i målrørsla i Noreg, mellom anna som leiar i Hordaland Mållag og Studentmållaget i Bergen.

– Dei har veldig dårleg språkleg sjølvtillit her på Færøyane. Ikkje nødvendigvis at dei sjølve er flaue av språket sitt, men det verkar som at dei sjølve ikkje trur at andre synest det er viktig. Når eg snakkar med vanlege færøyingar seier dei; «Hæ? Kvifor i alle dagar skal du det?». Og dei legg om til dansk eller engelsk med ein gong. Dei står ikkje på krava.

– Dei har heller ikkje nokon «mållov» som seier at kommunikasjonen frå Danmark må vera på færøysk, slik me har med nynorsk. Det er ingenting sånt her, og det var litt overraskande. Dei trur dei er så små. Altså, dei er jo små, dei er berre 50.000, men språk er jo viktig for det om. Det er ikkje nokon sterk målkamp, slik me har med nynorsken.

– Får du lyst til å gå inn i den færøyske målkampen?

– Ja, eg tenkte eg skulle ha skipingsmøte i Færøyane Mållag medan eg er her.

Korleis er utelivet på Færøyane, då?

– Det er som heime, men billigare, med danske skjenkereglar. Alle plassane på Færøyane er maks éin til halvannan time frå Tórshavn, så folk er sånn, «no er det laurdag, då køyrer me til Tórshavn». Viss du går på puben og preikar med folk, blir du invitert på nachspiel med ein gong, og det kan vera ein heilt annan plass på øya. Så dei er veldig trivelege i lystig lag, det skal dei ha.

– Det var ikkje tillate med alkohol på Færøyane fram til 1990-talet, så det har vore mange undergrunnspubar her. Den meste kjente av dei finst framleis – det er ein heilt vanleg bar, men utan skilt eller noko utanfor, du må berre vita kor du skal gå. No er det undergrunn på den måten at det er alkoholikarar som går der. Det er ikkje hipt eller noko sånt.

Fotballgalskap
– Du har også sett ein del fotball medan du har vore der borte, veit eg. Korleis er nivået?

– Ikkje så høgt, men det hadde eg ikkje venta heller. Det bur jo 50 000 her, det er ikkje halve Sogn og Fjordane ein gong. Dei beste laga er kanskje som botnen av 1. divisjon eller toppen av 2. divisjon i Noreg. Det er berre éin profesjonell spelar, han er på lån frå ein dansk klubb, så dei betaler løna hans.

Det færøysk fotball manglar i kvalitet, tar dei att i kvantitet: dei 18 holmane har 54 fotballag fordelt på fire divisjonar. På alle alderstrinn er det 8 000 spelarar. Målt i forhold til innbyggjartal er det tre gonger så mange som i Noreg, fortel Martin.

– I den nest største byen, med 4-5 000 innbyggjarar, er det 1 000 i gjennomsnitt i publikum på fotballkampar. Det er jo heilt sprøtt.

– Kjem Færøyane til fotball-VM i Russland i 2018?

– Ja, det reknar eg med. Ingen problem.

«Veldig løye med dei karaoke-greiene»
– Kva anna driv folk med der borte? Det verkar som at karaoke er ei stor greie?

– Ja, eller, det er eg som har hengt på karaokebaren, det er gratis påfyll der på torsdagar og fredagar. 100 kroner, så kan du drikka så mykje du vil.

– Då går det an å halda ut litt færøysk karaoke?

– Ja. Men det er veldig løye med dei karaoke-greiene, for dei går ikkje opp på scenen og syng framfor dei andre, slik me er vane med. Dei står gjerne i ein gjeng nede i lokalet og syng saman midt i puben. Ein veldig løyen måte å gjera det på.

– Men altså, Tórshavn er ein heilt vanleg by med 20.000 innbyggjarar. Det er ikkje veldig ulikt tilsvarande byar i Noreg. Folk driv med dei same tinga, og det er mykje det same tilbodet, med konsertar, kulturkveldar og alt mogleg forskjellig.

– Til slutt: Har du ei essensiell frase som alle bør læra seg om dei skal til Færøyane?

– Ja, denne dømesetninga frå læreboka likar eg: «Hetta er tað fimta skipið, som er farið av knóranum». «Dette er det femte skipet som har gått konkurs». Kan ikkje leva på Færøyane utan den setninga.