Mastergrad sikrar ikkje jobb – no må du ha gode karakterar
Norsk studentorganisasjon fryktar at karakterane og deltidsjobben skal overskugga totalkompetansen din.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Arbeidsgjevarar ser meir på karakterar
Karakterane dine har fått mykje meir å seia for jobbmoglegheitene enn for berre få år sidan. Viss du var nyutdanna med mastergrad i 2011, hadde du nesten like stor sjanse for å få jobb anten karakterane dine var gode eller dårlege. Dersom du avslutta utdanninga i 2015, var situasjonen ein heilt annan:
Dei som gjekk ut med karakteren C hadde tre gonger så stor risiko for å vera arbeidsledig eller i irrelevant jobb eit halvt år etterpå samanlikna med dei som gjekk ut med toppkarakteren A.
Desse funna går fram av Kandidatundersøkinga 2015, som i dag vart lagt fram av NIFU (Nordisk institutt for studium av innovasjon, forsking og utdanning). Forskarane som står bak undersøkinga peikar på at det er blitt større konkurranse om arbeidsplassane fordi arbeidsløysa har auka det siste året. Kakakterar blir difor brukt i større grad for å skilja ut dei beste kandidatane.
– Planlegg for arbeidslivet tidleg
Are Turmo, kompetansedirektør i Næringslivets hovedorganisasjon (NHO), deler denne forklaringa.
– Det er ganske naturleg når du ser på korleis arbeidsmarknaden har utvikla seg frå 2011 til i dag, med nedgangskonjunktur og fleire ledige, at arbeidsgivarar bruker karakterar for å selektera kven ein vil kalla inn på intervju, seier Turmo.
– Kva råd vil du gi studentar som ønsker å sikra seg jobb etter utdanninga?
– Det viktigaste rådet me gir er å planlegge for arbeidslivet tidleg: å tenka på kva ein vil med utdanninga og ta dei moglegheitene som byd seg for praksis og andre former for kontakt med arbeidslivet i løpet av studiet, som å skriva bachelor- eller masteroppgåver i samarbeid med arbeidsgivar og liknande, seier Turmo.
Kandidatundersøkinga 2015 stadfestar at også andre ting enn karakterane speler inn på jobbmoglegheitene. Om du har hatt relevant jobb undervegs i studiet er den faktoren som påverkar sjansane for å få jobb og relevant arbeid aller mest. Praksis som ein del av utdanninga har også ein positiv effekt.
Det er likevel berre karakterane som har fått meir å seia no samanlikna med korleis det var for fire år sidan.
– Karakterane seier ikkje alt
Leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), Therese Eia Lerøen, seier at sjølv om NSO støttar prinsippet om eit karaktersystem, så kan ikkje karakterane ha alt å seia. Ho er opptatt av at arbeidsgivarar må gjera ei totalvurdering av kandidatane.
– Karakterane du har seier noko om kva du kan om akkurat det temaet som var oppe til eksamen akkurat det året. Men ein tileignar seg mykje annan kunnskap som student – det å tenka kritisk, å tenka tverrfagleg, å samarbeida – som ikkje nødvendigvis blir spegla i ein karakter, seier Eia Lerøen.
– Trur du arbeidsgivarar kan gå glipp av talent ved å sila ut kandidatar på karakterane?
– Det er veldig vanskeleg å spekulera i, men potensielt, ja. Dei fleste sender jo også inn ein søknad i tillegg til eit karakterskjema, og der kan ein velja å trekka fram det ein sjølv opplever at ein er god på – som ikkje berre går på den faglege kunnskapen, men også kvifor ein passar til akkurat den jobben ein har søkt på, seier Eia Lerøen.
NSO er også uroa for at jobb ved sidan av studia har så mykje å seia, og etterlyser ei tettare kopling mellom utdanning og arbeidsliv ved universiteta og høgskulane.
– Det kan ikkje vera sånn at det er opp til deltidsjobben om du får deg jobb når utdanninga eller ikkje. Difor burde for eksempel fleire utdanningar ta i bruk praksis, nettopp for at alle studentar skal få erfaring med arbeids- og næringslivet før dei er ferdige, utan at det treng å avhengig av om du var heldig å få den eine relevante jobben som tilfeldigvis var ledig, sa NSO-leiar Eia Lerøen under lanseringa av Kandidatundersøkinga i dag.