– Det offentlege gå føre, for å visa språkleg mangfald, toleranse og fridom både i skulen og samfunnet elles, sa byrådsleiaren.

mm

– Ivar Aasen sa: «Det er seint å stenga buret, når fuglen er flogen». Sånn er det litt med nynorsken. Me har opna buret, nynorskfuglen er på veg ut. No må me gi han eit høve til å fly, sa byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) då han i dag fekk svara på spørsmålet frå Njaal Neckelmann (V) om å laga ei utgreiing om å styrkja nynorsken i Bergen. Byrådsleiaren poengterte at det offentlege må ta ansvaret.

Njaal Neckelmann (V) føreslo at byrådet skal laga ei vurdering av nynorsken sine kår i bergensskulen og byen elles og ein strategi for meir nynorskbruk i byen.

Forslaget blei vedtatt mot stemmene til Høgre og Frp.

LES SAKA: Bergen skal bry seg om nynorskelevane

– For mykje tran
– Eg kan ikkje heilt sjå at Bergen kan kalla seg nynorskhovudstad med den nynorskdelen som me har i dag. I alle fall når byrådet legg ned dei to siste nynorskskulane som me har i dag, sa Jacob Mæhle (H).

Han kalla forslaget frå Venstre for mykje «Møller's tran», og kritiserte forslaget om å fastsetja kor mykje av saksdokument som skal koma på nynorsk.

– Bergen kommune er ikkje er ein kulturformidlar, men ein institusjon som skal levera effektive tenester og god sakshandsaming, sa Mæhle i innlegget sitt.

Han sa at Høgre i staden vil fristilla sakshandsamarane til å bruka målforma dei sjølv vil bruka.

– Eg ser ikkje noko poeng i at 250.000 bergensarar skal tvingast inn i eit nynorsk språk, sa Eiler Macody Lund (Frp), og sa at han ikkje «stava seg gjennom dokument på nynorsk».

LES OGSÅ: Det blir nynorskløft i Bergen

– Ikkje bokmål som norma
– For ein kommune som verkeleg strevar etter å bli nynorskens hovudstad og stolt kallar seg språknøytral, så er det viktig å passa på at ikkje bokmål blir norma, så liksom fleskar me til med nynorsk av og til så me kan kalla oss hip og kul og eksotisk, sa Hilde Boberg Andresen (SV).

Ho la til at ho er uroa over kva det vil seia for stillinga til Bergen som nynorskhovudstad når to av dei siste nynorskskulane i byen no er føreslått nedlagt.

Skjebnen til skulane på Haugland og Riple, blir bestemt torsdag i bystyret.

Presisering: Ådnemarka skule, Ytre Arna skole, Trengereid skule, Salhus skule, Lone skule, Garne skule og Garnes ungdomsskule har alle over 30 elevar med nynorsk som opplæringsmål og kan reknast som nynorske skular.

KOMMENTAR: Køyr på med nynorsk, Bergen!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE