– Me må gjera oss fortente til å vera nynorskens hovudstad

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den yngste Venstre-representanten i Bergen bystyre ønskjer meir nynorsk i byen mellom dei sju fjella.

– Det er viktig at begge målformene blir nytta i offentleg informasjon, i skilting, i politiske saker og i Bergen kommune sin kommunikasjon med publikum. Slik kan det offentlege vere eit godt språkleg førebilete, bidra til at bergensarane blir eksponert for begge målformene, skriv han i interpellasjonen som han kjem med i Bergen bystyre i morgon, onsdag.

Han har stor tru på å få med seg resten av fleirtalet på å vedta at byrådet legg fram ei sak som viser korleis Bergen kan bli nynorskhovudstad.

Fleire byar har til liks med Bergen ønskt å bli nynorskhovudstad.

– Det er ein konkurranse med berre vinnarar. Me kan kanskje ikkje vedta det sjølve, men me bør gjera oss fortent til tittelen gjennom ein aktiv språkpolitikk, som fremjar språkleg mangfald og fridom for både bergensere, og bergensarar, skriv Neckelmann i framlegget.

Han ønskjer mellom anna å bruka meir nynorsk i kommunikasjonen med innbyggjarane.

– Nettsidene til kommunen er eit openbart døme! seier Neckelmann til Framtida.no.

Nynorsk i skulen
Bergen bystyre vedtok i vinter å styrkja arbeidet med å sikra rettane til elevar med nynorsk som opplæringsmål.  

LES SAKA: Bergen skal bry seg om nynorskelevane

Njaal Neckelmann trur kommunen kan leggja betre til rette for nynorsk i Bergensskulen generelt.

– Bystyret har vedtatt nokre ambisjonar allereie, og ei kartlegging av nynorskens kår i skulen, slik interpellasjonen ber om, kan avdekkja veikskapar i dagens ordningar, skriv Neckelmann i ein epost til Framtida.no.

KOMMENTAR: Køyr på med nynorsk, Bergen!

Nynorsk i bydelane
I intensjonsavtalen mellom kommunane Samnanger, Vaksdal, Osterøy og Bergen, er det også lagt opp til at bydelar sjølv kan velja administrasjonsmål.

– Alt ligg til rette for ein nynorskbydel i aust, men i Bergen skal begge målformene sikrast gode kår, uansett, skriv Njaal Neckelmann i interpellasjonen.

I Samnanger er det folkerøysting om samanslåing torsdag 16. juni. I Vaksdal har eit fleirtal allereie sagt nei, medan Osterøy ikkje skal ha folkerøysting.

LES OGSÅ: Det blir nynorskløft i Bergen

Faktaboks

Dette ønskjer Njaal Neckelmann at byrådet skal laga:

• ei vurdering av nynorsken sine kår i bergensskulen og byen elles.
• ein strategi for korleis Bergen kommune skal nytta meir nynorsk i forvaltninga, i offentleg informasjon, og i utadretta kommunikasjon med publikum.
• retningsliner som sikrar at ein viss prosentdel av dei politiske sakene som blir levert til bystyret sine organ har saksutgreiingar som er skrivne på nynorsk.