Slik vil regjeringa betra helsa til ungdom
Tidenes sunnaste ungdom skal få betre hjelp med helsa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Aldri før har unge ete så sunt, trimma så mykje og røykt eller drukke så lite som no.
Men likevel er det fleire og fleire som slit psykisk, og mange så fell frå utdanning og arbeidsliv.
LES: Ikkje berre «flinke piker» som slit
Noregs første ungdomshelsestrategi har som mål å hjelpa unge til å meistra eigne problem og leva gode liv.
– Ungdomstida er kanskje den perioden i livet det skjer flest endringar og omveltingar. Det gjer at ungdomstida kan opplevast som krevjande for mange, sjølv om det som skjer kan vera heilt normalt. Noko av det viktigaste me kan gjera, er å sørgja for at unge blir sett og høyrt og får tatt i bruk eigne ressursar. Det førebyggjer både helseplager og fråfall, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie i ei pressemelding.
– Det er viktig å understreka at førebyggjande arbeid må skje i alle delar av samfunnet, ikkje minst på skulen og i frivillig sektor. Dette er ein jobb me må gjera saman, held han fram.
LES OGSÅ: Studie: Éin av seks unge har sjølvmordstankar
– Etter festen byrjar arbeidet
Unge funksjonshemmede har skrive forordet for strategien. Dei feira i dag.
– Me er svært glade for at regjeringa set ungdomshelse på agendaen! Dette har me jobba for sida 2010. Ungdom fell mellom to stolar i eit helsevesen som i stor grad er tilpassa anten vaksne eller barn, seier Camilla Lyngen, styreleiar i Unge funksjonshemmede i ei pressemelding.
Ungdom er i ein annan livssituasjon og har andre behov enn barn og vaksne. I 2012 slo ein rapport bestilt av Helsedirektoratet fast at ungdom i Noreg ofte møter eit helsevesen som ikkje er tilpassa behov og livssituasjon hos unge menneske.
– Strategien er første steg i rett retning, men me er langt frå ferdige. Me ser fram til det vidare arbeidet og kjem til å stå på for at òg unge med funksjonsnedsettingar eller kroniske sjukdomar får eit fullverdig og tilpassa helsetilbod, seier Lyngen.
LES OGSÅ: Fleire jenter tar antidepressiva
Ønskjer meir fokus på funksjonshemma
Personar med nedsett funksjonsevne eller kroniske sjukdommar er ofte storforbrukarar av helsetenester. Mange har vel så mykje kontakt med spesialhelsetenesta som med primærhelsetenesta. Ei brei satsing på ulike delar av helsevesenet er difor viktig.
– Me er veldig nøgde med fokuset på psykisk helse, primærhelsetenesta og ungdomshelse generelt. Samstundes skulle me ynskt at strategien tok endå meir tak i dei ungdomane som bruker helsetenesta mest, nemleg ungdom med kroniske sjukdommar eller nedsett funksjonsevne, seier Lyngen.
LES OGSÅ: Ungdomshelse er meir enn kondom
Faktaboks
Her er nokre av dei nye tiltaka som blei lansert i dag:
– samordna og integrera ulike digitale tenester retta mot barn og unge.
– ungdomsråd på sjukehus og ulike barne- og ungdomsorganisasjonar blir inviterte til eit årleg møte for å få innspel til politikken til regjeringa på helsefeltet.
– fem millionar kroner til tiltak for å betra den psykiske helsa til studentar. Dette skal gjerast gjennom ein eiga tilskotsordning til studentsamskipnadene og læringsinstitusjonane.
– ny nettportal med informasjon om mobbing, der barn, unge og foreldre kan finna praktisk informasjon om rettane sine og der dei kan få hjelp. Portalen skal vera klar til skulestart i haust.