– Kan vera med på å slå sund glasveggen, slik at det blir enklare å koma inn i arbeidslivet for flyktningar som ynskjer å yta noko til det norske samfunnet.

Det er Uniforum, nettavisa for Universitetet i Oslo, som skriv om den nye praksisordninga. Tabassom Fanaian flykta frå Iran fordi ho hadde nettundervisning for studentar frå Bahaí-samfunnet, ein forfølgt religiøs minoritet. Fleire av kollegaene hennar hamna i fengsel på grunn av dette. No skal ho ha praksis hos UiO-senteret PluriCourts – Senter for forsking om legitimiteten til internasjonale domstolar.

– Eg kom til Noreg for seks år sidan og har tatt ein master i freds- og konfliktstudiet ved Universitetet i Oslo. Etter studia har eg arbeidt som miljøterapeut ved eit flyktningmottak, samtidig som eg har jobba for organisasjonen Iran’s Human Rights, fortel ho til Uniforum.

LES OGSÅ: Sjå opp frå navlen din, Ola!

Samarbeidsprosjekt
Ho har ikkje fått nokon jobb etter at ho avslutta mastergraden sin for fire år sidan, men via NAV fekk praksisplassen ved flyktningmottaket. Der har ho vore i tre månader.

– Ordninga med Akademisk praksis kan vera med på å slå sund glasveggen, slik at det blir enklare å koma inn i arbeidslivet for flyktningar som ynskjer å yta noko til det norske samfunnet, trur ho.

Akademisk praksis er eit samarbeid mellom UiO og Oslo kommune. For å få praksis må du ha ein plass på introduksjonsprogrammet for flyktningar og asylsøkjarar. Eit anna krav er at søkjaren må ha fullført minst ein grad ved ein høgare utdanningsinstitusjon. Søkjaren må også kunne utplasserast i eit fagmiljø som i stor grad svarar til det fagmiljøet han eller ho kjem frå, eller som på ein annan måte kan bidra til individuell, akademisk utvikling.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09
ANNONSE