mm

Ein rapport frå Riksrevisjonen viser at prosentdelen søkjarar som får læreplass er redusert til 68 prosent. Opplæringstilbodet er ikkje godt nok, heiter det i rapporten frå Riksrevisjonen som vart lagt fram sist veke.

LES SAKA: Riksrevisjonen: – Yrkesfaga sviktar

– Utruleg synd
Påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, Sylvia Lind, kommenterer rapporten slik:

– Det er utruleg synd at me ikkje klarer å sikra læreplass til alle, ikkje berre er det synd for elevane, men òg for samfunnet. I framtida vil fagarbeidarar vera ei mangelvare, og tida byrjar å renna ut dersom me snart ikkje sikrar alle lærlingplassar. I 2030 vil vi mangla 30.000 fagarbeidarar berre innanfor bygg- og anlegg.

LES OGSÅ: Sandra søkte læreplass i eitt år

– Staten må få føre
For få veker sidan kom det fram at staten berre har kring 450 lærlingar sjølv.

– Me er heilt samde med Per-Kristian Foss at staten må gå føre og tilby fleire lærlingplassar. Me må ha strenge lærlingklausular som ikkje berre set krav til føretak om at dei må ha lærlingar, men òg at lærlingane blir inkluderte i det aktuelle prosjektet. Me trur òg at me må ha ein større og betre utstyrspark, med oppdatert verktøy som det moderne arbeidslivet nyttar seg av. Viss ein i tillegg får relevante læreplanar, så vil lærlingane bli meir aktuelle for mange bedrifter, understrekar leiaren i Elevorganisasjonen.

LES OGSÅ: Slik påverkar fråvær sjansen din til å få læreplass

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

Kommentarar

ANNONSE