Faktaboks

Fråværsreglane: 

• Frå hausten innfører Kunnskapsdepartementet ei ny, nasjonal fråværsgrense på 10 prosent, med unntak for dokumentert gyldig fråvær.

• Gyldig fråvær er helse- og velferdsgrunnar, arbeid som tillitsvalt, politisk arbeid, hjelpearbeid, lovpålagt oppmøte og representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.

• Avtale om sjølvstendig studiearbeid og skuleadministrativt arbeid blir heller ikkje rekna som fråvær.

  Gateakademiet i Kristiansand:

• Eit kreativt opplæringstilbod for ungdom i alderen 16-25 år, som står utanfor skule og arbeidsliv

• Starta med teatergruppa Ugress i 2000

• Vart i 2004 vidareført som eit kommunalt tilbod, som samarbeider med mellom anna fylkeskommunen, BUP, politi og barnevern

• Har løpande opptak til dei 18 elevplassane, fordelt på verkstadene Musikk & Produksjon, Idé & Trykk, Foto & Grafisk og Form & Design.

• Gateakademiet nyttar konsekvenspedagogikk, som fokuserer på det enkelte individ i samspel med omgjevnadane og dei plikter ein har overfor fellesskapet. Fridom, val, handling og konsekvens er grunnelementa

• Målet er at ungdommane sjølv skal ta bevisste val for framtida si  

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er sikkert bra for dei som lukkast, men som me veit er livet uforutsigbart med både bra og dårlege periodar. For dei som ikkje lukkast er dette berre eit nytt signal om at dei ikkje passar inn.

Silvia Sundelin er sosialfagleg koordinator på Gateakademiet i Kristiansand, eit kreativt opplæringstilbod med løpande opptak for ungdom i alderen 16-25 år, som står utanfor skule og arbeidsliv.

Ho understrekar at det ikkje finst noko fasitsvar på korleis den nye fråværsordninga vil fungere i praksis, men er skeptisk til dei nye og strengare reglane. (Sjå faktaboks.)

På Gateakademiet må elevane sjølv ringje inn eigenmelding kvar dag dei første tre dagane av sjukefråværet.

LES OGSÅ: Fastlege om fråværsreglane: – Rein idioti

Mistar opplæring
Allereie i fjor sommar kom meldinga frå Utdanningsdirektoratet om regelendringa, som skal motivera elevane til jamn innsats og hindra skulking. 

Frå hausten av vil elevar med meir enn 10 prosent ugyldig fråvær i eitt fag, miste semester- eller standpunktkarakter i det aktuelle faget. Dersom elevane har legeerklæring eller driv med politisk arbeid vil det verte rekna som gyldig fråvær, som i dag.

I går streika skuleelevar over heile landet mot dei skjerpa fråværsreglane, som mange fryktar vil ramma dei svakaste.

Kunnskapsminster Torbjørn Røe Isaksen er positiv til politisk engasjement, men uttala i går at å oppmoda til fråvær i samband med streiken er ein dårleg idé.

– Det er det udokumenterte fråværet me vil ha bort. Eg vil ha ein skule som har nulltoleranse for skulking, men stor forståing for at ungdom kan vere i ein sårbar situasjon. Det er òg til elevenes beste, skriv kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ein sms til VG.

Statsråden sjølv tykkjer den nye grensa er romsleg.

DEBATT: Streikar du fordi dei andre gjer det?

Samira Christina Denz (20)
Samira Christina Denz (20) fryktar at fleire vidaregåandeelevar ikkje vil klara den nye fråværsgrensa. 

– Urettferdig
Ei av dei som planla å streike var Samira Christina Denz, tidlegare elev ved Gateakademiet. Etter to års pause frå vidaregåande valde ho å søkje seg inn på andreåret på interiør- og design.

– Eg syns det er veldig urettferdig mot dei som har problem med å kome seg på skulen, utan at dei har det på arket. Eg synest eigentleg det er litt overnaturleg, korleis skal ein få til berre ti prosent? Det er ganske lite og eg veit ikkje heilt om folk vil klara det, seier 20-åringen, som fryktar at ho kan få problem neste skuleår.

Samstundes ser ho verdien i å ha ei utfordring å strekkja seg etter.

– Eg håpar berre at det ikkje er mange som lir under det, understrekar Denz.

LES OGSÅ: Mange reformer – lite endring

Skapar utanforskap
Avdelingsleiar for ungdomstilbodet i Kristiansand, Tor Egil Vaule Andersen, kjem frå stillinga som elev- og lærlingombod i Aust-Agder. Han meiner at ein må sjå den enkelte elev an, framfor å setje absolutte fråværsgrenser.

– Dette er å laga reglar som skapar utanforskap, framfor å sjå heile mennesket og tilpasse etter kva den enkelte treng for å fullføra. Det handlar om korleis ein ser på elevane, om ein ser på dei som ein ressurs, seier Vaule Andersen, som spår mange unntak frå regelen.

Heia Ludvigsen!
Dei skjerpa fråværsreglane får kritikk for å ikkje sjå heile mennesket, noko som kan sjåast som ei motsetning til den retninga Ludvigsenutvalet meiner at norsk skule bør gå i.

Både Vaule Andersen og kollega Sundelin er spent på endringane i skuleverket, som vart varsla etter at Ludvigsenutvalet kom med sin gjennomgang av den norske skulen. Utvalet etterlyser meir kreativitet, innovasjon og kritisk tenking i skulen, i tillegg til mellom anna meir vekt på psykisk helse.

– Me meiner at sosialkompetanse er veldig viktig for mennesket og legg eit viktig kunnskapsgrunnlag før elevane skal ut i arbeidslivet, seier Sundelin, som heiar fram desse endringane.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

Kommentarar

ANNONSE