19-åringane droppar «friåret»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har sett slike svingingar tidlegare der det har vore høg arbeidsløyse, som rundt 1988-1989, seier forskar Per Aamodt ved Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (Nifu) til Dagens Næringsliv.

LES OGSÅ: – Vanskeleg å velja utdanning

– Vågar ikkje dra ut
Aamodt understrekar at det er forska lite på kvifor nordmenn har hatt som tradisjon å skyve på studiestarten. Dermed veit ein også lite om kvifor det no ser ut til å skje i mindre grad.

– Det blir litt spekulasjon, men det har nok ein del med arbeidsmarknad og konjunkturar å gjere. Alternativa for 19-åringane er færre. Det er ikkje like lett å få jobb, dei vågar ikkje satse på å dra ut, reise og gjere liknande ting.

LES OGSÅ: Rekordmange vil ta høgare utdanning

Ny bølgje?
– Dette kan vere starten på ei ny bølgje der endå større delar av befolkninga vil ta høgare utdanning, seier Kristinn Hegna, førsteamanuensis ved institutt for pedagogikk, Universitetet i Oslo.

Hegna trur den store auken blant dei yngste kan forklarast med ei forsterkning av studietrenden dei siste tiåra, men også at det kan ha samanheng med aukande arbeidsløyse og fleire etterkommarar av innvandrarar i elevmassen.

– Men det mest interessante spørsmålet er kanskje om dette er eit framhald av det vi synest å sjå i andre typar data, at dei unge er meir målretta og strategiske. Å ta eit «gap year» kan kanskje bli sett på som ufornuftig i ein situasjon med aukande arbeidsløyse, seier Hegna. (©NPK)