Politisk rådgivar Magnus Thue (H) meiner at fråværsregelen er utforma på ein slik måte at rettane til elevane blir tatt godt vare på.

mm

Kunnskapsdepartementet er kjent med motstanden mot dei nye fråværsreglane, men står på sitt:

– Det er frivillig å gå på vidaregåande skule i Noreg, men når ein først har takka ja til ein plass bør ein ikkje kunna koma og gå som ein vil. Me vil at fleire elevar skal fullføra vidaregåande opplæring, men skal dei læra meir må dei òg følgja undervisinga, skriv Magnus Thue i ein epost til Framtida.no.

LES SAKA: Streikar mot fråværsreglane

Han meiner ei slik grense for ugyldig fråvær sender eit klart signal til elevane om at skulk ikkje er greitt, og at dei har plikt til å møta opp til undervisinga.

– Når det er sagt, så er det viktig at skulen gjev eleven skriftleg varsel før fråværsgrensa er brote. Formålet med varsel er jo nettopp at eleven skal få høve til å forbetra seg.

Fleire av elevane som vil streika mot fråværsreglane meiner forslaget vil gå ut over elevar som slit med psykisk helse og at det vil føra til høgare fråfall.

Rådgivaren til kunnskapsministeren kommenterer dette slik:

– Med fråværsregelen vil me redusera skulk, men me har samstundes stor forståing for at ungdom kan vera i ein sårbar situasjon. I tilfelle der elevar har problem med til dømes helse eller mobbing, bør elevar oppsøkja helsesøstertenesta og ungdomspsykiatri. Nettopp difor har fråværsgrensa klare og tydelege unntak, til dømes viss du er sjuk, har time hos legen eller psykologen. Det er i tillegg ei rekkje andre unntak, knytt til blant anna arbeid som tillitsvalt, politisk arbeid, hjelpearbeid og religiøse høgtider.

LES OGSÅ: Fryktar for elevdemokratiet

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

Kommentarar

ANNONSE