Teiknspråktolkane på MGP blir hylla. Til hausten skal ein av tolkane, Ragna Huse, læra bort teiknspråksong ved Ål folkehøyskole og kurssenter for døve.

–Det er mange meiningar om kva teiknspråksong er. Dette vert ei slags forsking, der me ser på språk- og musikkulturen, og korleis det kan overførast til kroppsspråket, forklarar Berglind Stefánsdóttirpå telefon via tolk til Framtida.no.

Ho er rektor ved Ål folkehøyskole og kurssenter for døve, som til hausten startar Noregs første teiknspråksonglinje.

TEST DEG SJØLV: Forstår du teiknspråk?

Svenskar i førarsetet
Teiknspråksong er på full fart framover, med svenskane i bresjen. I 2010 var SVT først i verda med å teiknspråktolka Melodi Grand Prix. Då finalen gjekk føre seg i København i 2014, vart songane tolka på dansk teiknspråk. I fjor tok Austerrike sjangeren eitt stort steg vidare, då alle songane vart tolka av internasjonale teiknspråkartistar.

Som følgje av norske Ragna Huse og dei andre visuelle artistane sin innsats, merkar rektoren ei auka interesse for teiknspråksong i Noreg og Norden.

Stefánsdóttir fortel at mange er nyfikne på den nye linja, som dei lanserte i februar-mars i år.

Gjennom eit halvt års kurs skal elevane læra å omsetta songar til teiknspråk, laga poesi med rytme og musikk til – og ikkje minst; å stå på ei scene, eller framfor eit kamera.

I fjor tolka NRK alle dei internasjonale semifinalane og tidlegare i år vart òg den norske finalen tolka på teiknspråk. Til Dagbladet fortalte Ragna Huse om korleis det er å tolka songar på teiknspråk.

–Songens innhald vert framført på teiknspråk, ikkje ord for ord. Akkurat som ein song lyder godt for høyrande, skal songen sjå godt ut for døve. Så det er ein kunst å få til eit visuelt språk som er bra å sjå på samstundes som ein formidlar kva songen handlar om.

Her kan du sjå Ragna Huse tolka den norske vinnarlåta «Icebreaker» av Agnete.

Sjå Ragna Huse introdusera den nye folkehøgskulelinja:

tegnspråksanglinje from Patrick Wiche on Vimeo.

LES OGSÅ: – Døve har like mykje glede av musikk

– Mange døve har eit forhold til musikk
Leiar i Noregs Døveforbund, Bjørn Kristiansen, tykkjer den nye linja er eit veldig godt og tidsriktig tiltak.

– Det er eit behov for ei slik linje. Eg trur og antar at ein del døve vil søkja. Det er eit faktum at mange døve har eit eller anna forhold til musikk, ut i frå dei føresetnadane og interessa dei har. At du er døv, betyr ikkje nødvendigvis at du ikkje har noko hørsel. Det gjeld spesielt den nye generasjonen som har  CI–implantat. Mange som ikkje høyrer, kan likevel føla rytme og her kan dei få vidareutvikla det.

Det er Døveforbundet som står bak stiftinga Ål folkehøyskole og kurssenter for døve.

Tidlegare i år lanserte Ravi musikkvideoen «Å», som er visualisert med teiknspråk. Til dette prosjektet fekk artisten støtte frå Døveforbundet.

– Eg trur at i tida framover vil me sjå meir av musikkvideoar for døve. Dette er svært positivt, fordi det bidreg til å synleggjera norsk teiknspråk og avmytifisere at døve er ei sær lita gruppe, som er avskore frå samfunnet. For slike myter finst.

Forbundet har òg nyleg gitt kulturmidlar til tre nye musikkprosjekt.

LES OGSÅ: Høyrslehemma Andreas brukte ti år på å få jobb

Visuell musikk eller teiknspråksong?
Rektoren ved Ål folkehøyskole og kurssenter for døve ser for seg at teiknspråksong etter kvart kan verte løfta opp som utdanning på høgskulenivå.

Og ho er ikkje i tvil om at det er behov for fleire som kan tolka musikk for døve.

– Me treng folk som kan omsette og kunnskap om korleis det skal korleis gjerast. Ein må få definert kva teiknspråksong er. Nokre meiner det er feil ord, og snakkar heller om visuell musikk, seier Stefánsdóttir.

På same måte som høyrande kan lytte til musikk og oppleve kjenslene knytt til det, skal ein teiknspråksongar evna å formidla kjensler og bodskapen i ein song, for dei som ikkje kan høyra.

– Det er ei dame, som heiter Rosa Lee Timm, som eg tykkjer er veldig flink. Ragna Huse er òg ein veldig god omsettar og formidlar. Det er difor eg har valt ho som lærar, fordi ho har brei kompetanse.

Sjå mellom andre Rosa Lee Timm tolka «Happy» av Pharrell Williams:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

Kommentarar

ANNONSE