– Døve har like mykje glede av musikk

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Døve har glede av musikk

Torsdag opna utstillinga Lab for fysisk musikk i Oslo, ein workshop som har som mål å la døve eksperimentere med musikk og bassvibrasjonar.

Nyfikne amatørar gjekk laust på det proffe lydanlegget i det mørke kjellarlokalet til Teater Manu i Oslo, eit anlegg som presterte heile 10.000 Watt og ekstremt lågfrekvente lydbølgjer.

Alle deltakarane måtte ha på seg øyrevern før dei fekk gå inn i rommet, som var utstyrt med 4 enorme basshøgtalarar som spelte lyd heilt ned til 25Hz.

Workshopen skilta også med ein handfull elektroniske instrument som deltakarane kunne nytte til å skape og manipulere ulike lydbølgjer: Kontaktmikrofonar, støyboks, filter, sinusgenerator, oscillerande fuzz og equalizer.

– Like mykje glede
Annbjørg Nordbø er ein av arrangørane, og er sjølv døv. Ho meiner musikk ikkje er berre for høyrande.

– Eg meiner at døve har like mykje glede av musikk som høyrande har, men den typen musikk som skapast i dag er retta mot høyrande, seier Nordbø.

Tanken bak utstillinga og workshopen Lab for fysisk lyd, som arrangerast av Dans for voksne og Teater Manu, var at viss musikk skal fungere for døve, så må dei vere med på å lage den sjølv.

Korleis opplever døve musikk i forhold til høyrande?

– Døve opplever musikken rytmisk gjennom bassen eller vibrasjonar. Musikken er så mykje meir enn berre songstemme eller andre lydar med høgare frekvensar og lite bass. Lyd er vibrasjonar, eller trykkbølgjer i lufta, som omfattar langt meir enn kva mennesket kan høyre, seier Nordbø.

– Men det er eit abstrakt spørsmål for meg som er døv og som ikkje har høyrt musikk på samme måte som ein høyrende gjer, legg ho til.

Les også: Jazzar sitt eige språk

Døv klubbing
Kva slags musikk passar for døve?

– Det er det vi ikkje kan svare på, og vi inviterer difor til ei opa utstilling der alle kan kome og fortelje oss kva dei opplever. Vi har som mål å gjennomføre flere workshopar utover våren, der døve er aktive deltakere i eksperimering med lyd og musikk.

Kva med klubbar og utestadar som spelar basstung musikk som ristar i mellomgolvet, korleis reagerer døve på det?

– Klubbar med høg musikk og bass som kjennest godt på kroppen er midt i blinken for døve som vil ut og danse, meiner Nordbø.

Les også: Musikkspeling kan hindre overvekt

– Gode reaksjonar frå publikum
På opningsdagen var det omlag 50 personar innom i kjellaren på Teater Manu. Den kaotiske rumlinga av den svært fysiske lyden fekk nokre til å kjenne seg uvel i magen, medan andre var djupt fascinerte.

Nordbø understrekar at sjølv om arrangementet handlar om korleis døve opplever musikk, så er det eit ope arrangement som også høyrande personar kan få stort utbyte av. 

– Reaksjonane har vore veldig gode. Mange vart overraska over kor stor kraft bassen kan ha, korleis den fekk tinga på bordet til å hoppe og sprette, og ikkje minst kor godt lydane kan kjennast direkte på kroppen.

– Ein døv dansar vart særs begeistra over å kunne føle lydane direkte på kroppen, for med vanlege høgtalarar kjenner ho ikkje rytmene utan kontakt med golvet, seier Nordbø.

Ustillinga på Teater Manu held førebels ope ei veke fram i tid, men ei rekkje workshopar er planlagt ut over våren.

– Vi håpar utstillinga vil vekke interesse hos døve og at fleire melder seg på til våren. Vi har invitert ulike døve og høyrende kunstnarar som jobbar med lyd på forskjellige måtar som vi trur kan inspirere, avsluttar Nordbø.