Onsdag og torsdag denne veka fekk 9.-klassingar frå heile Vest-Telemark smake på kvardagen som elev på vidaregåande.

Line Omland Eilevstjønn, VTB
Line Omland Eilevstjønn, VTB

Denne saka vart først publisert på VTB.no.

– Eg veit at eg skal gå TIP. Det har eg visst lenge, seier Kristoffer Torsdalen frå Seljord. Han er glad i bil og praktisk arbeid. Alle me pratar med fortel at dei allereie veit at det er teknikk og industriell produksjon som er vegen for dei.

Gjengen står og følgjer nøye med på maskinene som dei i dag nyttar til å lage flaskeopnarar. I verkstaden på Dalen får gutane sjå korleis lærarane og fyrsteklassingane arbeider. Det synest dei er spennande.

– Det er moro for dei som vurderer denne lina å kome hit og lage noko dei kan ta med seg heim, seier lærar Geir Timland. Han ser til at alt går som det skal i flaskeopnar-prosessen. Gutane får lage kvar sin, og til slutt får dei lov til å bestemme kva som skal stå på han. Ei maskin stemplar inn eit valt ord i flaskeopnaren i aluminium.

– Det går mykje i Yamaha og Zetor, ler Timland.

Torsdalen på si side har gått for eit anna merke.

– Det skal stå Buick på min, smiler han.

Les også: Betre velferd krev ekstra utdanning

TIP har fått betre rykte
Lærarane i verkstaden bur seg på endå ein haust med fulle klassar. Kvart år er klassane fulle. Dei er glade for at den yrkesfaglege utdanninga stadig er like populær. Og for at ho endeleg har fått eit litt betre rykte.

– Før i tida var det dei med dårlege karakterar som kom hit. I dag forstår folk at ein må ha litt i toppen for å gå her òg. Det er krevjande arbeid, seier Kjell Nordgarden. Det er Timland einig i.

– Det er også ofte slik at dei som var lærarens store skrekk på ungdomsskulen verkeleg skjerpar seg når dei kjem hit. Her får dei drive med noko dei likar, og dei blir behandla som meir vaksne. Mange av dei får plutseleg veldig gode karakterar, seier han.

Viktig med hospitering
Gutane i verkstaden er berre nokre få av dei i alt 66 elevane som tok turen til Dalen denne veka. Dei fordela seg mellom dei fire linene studiespesialisering, TIP, elektro og helse og oppvekst, og fekk alle ein smakebit av kva dei kan vente seg som vidaregåande-elevar om eitt år. Rådgjevar på skulen, Per Stordrange, er glad for at så mange nyttar seg av tilbodet.

– Dette er ein veldig viktig del av å skulle velje seg skule og line. For å gjere eit godt val er det fint å sjå korleis det er på den aktuelle staden, seier han.

Kvart år har 9.-klassingar to dagar på våren der dei får besøke lina dei vil, og 10.-klassingar har ein dag på hausten med hospitering. Stordrange fortel at det skjer mykje berre på dei få månadane mellom.

– 9.-klassingane er veldig spente og usikre, medan dei eit halvt år seinare ofte har bestemt seg. Det er interessant å sjå, seier han.

Vidaregåande norskpensum
I eit anna klasserom på skulen sit ein gjeng med fyrsteklassingar frå studiespesialisering og løyser norskoppgåver med hospiteringselevane. Dei har fått utdela eit hefte av lærar Sverre Haavelmoen, som spent går rundt og følgjer med på korleis dei vil løyse nøttene.

– Dei jobbar med stilbrot og smør-på-flesk-setningar, smiler han lurt.

Han synest det er flott å gje dei unge elevane ein sjanse til å sjå korleis dei jobbar med skulearbeid. Også på studiespesialisering er det fulle klassar frå år til år. Det er eit svært populært val for ungdommen. I dag har Haavelmoen gjeve dei oppgåver fyrsteklassingane sjølve held på med.

– No lærer dei å uttrykke seg på ein klar og presis måte, seier Haavelmoen.

Rundt det eine bordet sit det ein jentegjeng og diskuterer oppgåvene.

– Dei var litt vanskelege desse oppgåvene, seier Anette Hagen frå Dalen. Ho er sikker på at det er studiespesialisering ho skal gå.

– Det er vel mest fordi at eg ikkje heilt veit kva eg vil bli enno, og då er det fint å ha tre år til å tenkje på, seier Hagen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

LES OGSÅ

ANNONSE