Får pris for å støtta nynorske studentar
Målpris til Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Juristmållaget har gitt Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen Målprisen 2015.
Dei får prisen for det gode arbeidet med nynorsk på det juridiske området, og for å stimulera til vidare arbeid med å fremja juss på nynorsk.
I grunngjevinga heiter det at «Fakultetet får målprisen på grunn av den aktive støtta dei gjev til nynorskskrivande studentar ved studiestart. Det er gitt klare oppmodingar frå tilsette om å halde på målforma, og det har vore organisert nynorske arbeidsgrupper sidan hausten 2009. I tillegg har fakultetet gode arbeidsvilkår for vitskapleg tilsette som brukar nynorsk.
I opningstalen har dekanen ved Det juridiske fakultet ofte framheva fortrinna ved å skrive nynorsk. Han meiner nynorskbrukarane er betre trena til å tenkje gjennom den nøyaktige tydinga av fagomgrepa, og difor lettare knekk koden med lovtolking.
LES OGSÅ: Studentar etterlyser meir nynorsk
Faktultetet har gjort ord til handling ved å tilby nynorske arbeidsgrupper i første og andre studieår, der språket er ein viktig del.
Satsinga har gitt positive resultat. Talet på studentar som registrerer nynorsk som målform ved semesterstart stig jamt, og det same gjeld deltakarar i dei nynorske arbeidsgruppene. Dette gjer at Juristmållaget ikkje er i tvil om at Bergen er nynorskhovudstaden innan jussen.»
– Dette var svært gledeleg, seier prodekan Berte-Elen R. Konow, som understrekar at ho er klar over forventingane som følgjer med prisen. Desse vil fakultetet strekkja seg for å imøtekomma.
Prisen vart delt ut på allmøte om strategiplanen til fakultetet den 20. april 2016. At strategiplanen er skriven på nynorsk syner at Det juridiske fakultet er ein verdig mottakar av målprisen.