I dag går fristen for å søke høgare utdanning ut. Her får du råd frå Kjetil Ørbekk, som jobbar i Google.

Faktaboks

Viktige tidsfristar:

15. april: Frist for å søkjaSamordna opptak, der du kan setja opp ti val.

10. mai: Frist for å lasta opp dokumentasjon, som vitnemål og liknande

1. juli: Siste frist for å omprioritera ynskja dine

19. juli: Ledige studieplassar blir lagt ut på Restetorget

20. juli: Du kan søkje på Restetorget

20. juli: Du får svar på hovudopptaket

26. juli: Frist for å svara på hovudopptaket

Kjelde: Samordna opptak

LES FAKTALUKK FAKTA

Er du blant dei som bit negler og riv deg i håret, medan du nistirer på «SØK HER–>»-knappen på Samordna Opptak?

Reknar du poeng om att og om att, medan du lurer på om du skal bli noko kreativt innan media (arbeidsledig), eller kanskje høyre på mor og vert ingeniør eller sjukepleiar (ikkje arbeidsledig)?

I dag går søknadsfristen for høgare utdanning ut, og du må ta eit val.

Norske Kjetil Ørbekk jobbar for Google i New York. Her er hans beste tips for å velje utdanning!

Studerte: Master i datateknologi ved NTNU.

Slik valde eg utdanning: Eg valde det eg trudde var interessant og gøy å studere. Sidan eg var glad i å fikle med datamaskiner allereie då eg var ganske liten, verka det som eit naturleg val.

Råd til dei som slit med å velje: Snakk med studentar, helst innanfor studiane du er interessert i. Prøv å finne mest mogleg informasjon før du tek eit val. Tenk på både studielivet og kva du ønskjer å gjere etterpå.

Difor er høgare utdanning viktig for meg: Eg er veldig glad for at eg kan arbeide med det eg elskar, og det er takka vere utdanning mi.

Les fleire råd frå:

Sjef i AksjeNorge Lene M. Refvik

Kunnskapsministar Torbjørn Røe Isaksen

Komikar og sjukepleiar Lars Berrum 

Fysikkforskar Martin Fernø

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09
ANNONSE