«Hællæ frå den andre sida»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommentaren var først publisert i Fredrikstad Blad.

Livet er mangslungent – den dagen dette blir lese drar eg med tog til Bergen, og om landsmøtet i Noregs Mållag vil det, så er eg tilbake på perrongen i Plankeby’n igjen seint på søndagen som ledær, unnskyld leiar, for ein organisasjon med 12000 medlemmer.

Spørsmålet om å ta vervet kom uventa; først fekk eg skikkeleg hakeslepp, men så etter ei stund gjekk det opp for meg at nokon hadde høyrt på Don Corleone: «Make him an offer he can’t refuse». Detta kunne jæ’nte si nei til!

Magne Aasbrenn har samla saman eit utval av Østfold-ord i denne quizen – test deg sjølv!

Formålsformuleringa til Noregs Mållag er som så: «Noregs Mållag arbeider for at alle fritt skal kunne nytte dialekten sin, og for at folk i bygd og by skal velje og ta i bruk det nynorske skriftmålet.» Den første delen veit eg at eg har med meg mange østfoldingar på, den andre er nok ein kamel å svelgje for mange her.

Eg håpar likevel at noko er i ferd med å gi slepp når det gjeld østfoldingens tradisjonelle høge skulder mot nynorsk. Da Ivar Aasen vandra rundt her på midten av 1800-talet, skreiv han ned 960 dialektord frå Smaalenene, og mange av desse orda gjekk vidare til landsmålet og nynorsken.

LES OGSÅ: Magne Aasbrenn: – Må bli vanleg å skriva nynorsk i aust

Når vi syng «Sommer i Fredrikstad» om å «tælle og vele omkring», er «vela» eit ord Aasen skreiv ned i 1850.

Ordforklaringa skreiv han på dansk, for norsk språk eksisterte jo ikkje enda: «vakle, være tvivlraadig; ogsaa: forvilde sig, gaae vild.» «Tælle» er i nynorskordboka som substantivet «talle» nå, med betydninga «gjødsel, skit». Talle var hardtrampa sauemøkk på golvet i fjøset, og når du trampa ned møkka, ja da «tælla» du. Så om Finn-Erik Vinje i si tid kalte dialekta i Fredrikstad-Særp for landets styggaste, så har ho i alle fall historiske røter.

I slengær-stubbane her i Bla’ har eg lagt vekt på å ta vare på alle æ-ane i bøyingar på østfoldsk. Bilær og båtær tutær og bråkær. Nesten i forholdet 1:1 følger æ-ane i dialekta her a-ane i endingar på nynorsk. Hankjønnsord får -ar og –ane i fleirtal, mens hokjønnsord får -er, -ene. Det hettern’te jentær eller flaskær i fleirtal. Det er berre dei som prøver å bløffe seg fram med østfoldmål som bruker sånne former. Æ-en i «snakkær» og «ventær» er sterkt trua i talemålet, i «snakkar» og «ventar» på nynorsk har dei ryggstøtte. Men «tenkær» er feil, både på dialekt og nynorsk. Og så vidare.

«Eg» og «ikkje» brukar vi ikkje i Østfold, men tar du ein imaginær tur langs kysten oppover frå Telemark til Finnmark, så er ikkje «eg» og «ikkje» noko dårleg val om du er ute etter eit skriftspråk som dekker det dei fleste i landet seier. Men utan tvil blir det mykje preking om dette når vi møtest på gatehjørna framover, kjære lesarar.

LES OGSÅ: Østfold, nynorsken og eg

Rarast av alt er det at det ser ut til at nynorskingane vil ha ein østfolding til å prate for seg.

Ingen av døm kan tru at jæ skal bynne å preke normalisert nynorsk, for jæ har snakka sånn som det her på alle møter sia Østfold Mållag ble stifta i Askim i 1989. Det betyr at når Noregs Mållag vil ha ein østfolding som leiar, så er det ein aksept for at østfoldsk er innanfor fullt og heilt i den norske dialektfamilien. Sjå formålsformuleringa.

Ein side-effekt er at det blir full skjerpings for meg sjølv. Eg blir med dette med i den eksklusive gruppa av østfoldingar som MÅ snakke dialekt for å tene til det daglege brød: Pål Nielsen, Atle Jensen – og nå altså meg. Grunn’ til at jæ får jobb i Oslo, er at jæ prekær.

Så det går mot at eg blir den første østfolding på pendlartoget som kjenner presset om å snakke meir dialekt så fort eg går av på Oslo S.

Sjansen er altså der for at helga går min vei, orsak veg (i skrift). Sluttpoenget i den eventuelle talen eg skal halde da, er at ein gong har Fredriksstad Blad bidratt til å inspirere Bergens Tidende til å gi ut heile avisa berre på nynorsk.

Våren 2013 laga vi Dialektavisa Fredriksstad Blad. Det gjekk veldig bra, og prosjektet blei kjent over heile landet.

Ein som la merke til det, var Oslo-fyren Halvor Ripegutu som jobba for Bergens Tidende på den tida.

Så blei Fredrikstad-suksessen «en av flere inspirasjoner» har han fortalt meg, da han og magasinansvarleg Kjersti Mjør same året kom opp med ideen om heil-nynorsk utgåve av Vestlandets største avis på Ivar Aasens 200-års fødselsdag 5. august. – Så «Look to Fredrikstad», nynorskingar!

PS. Og som rein bonus oppdaga vi at 6. mars da vi gav ut dialektavisa, var bursdagen til – Finn Erik Vinje.

OBS: Når denne kommentaren vert publisert i Framtida.no er Magne Aasbrenn kome trygt fram til Bergen, til landsmøtet som opna fredag klokka 12.00. Følgj emneknaggen #nlm på Twitter for små og store oppdateringar undervegs.