«Kan du vere pappa?»

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forsking på funksjonshemming og maskulinitet er nesten ikkje-eksisterande, og vart mellom anna etterlyst i Stortingsmelding nr. 8, 2008-2009, «Om menn, mannsroller og likestilling».

I studien til masterstudent i sosiologi ved Universitetet i Oslo, Hege Margritt Felberg Sundstrøm, møter vi seks fedrar, som fortel om korleis det er å vere far og ha ei funksjonshemming.

LES OGSÅ: Må ha stå på-vilje for å klare utfordringane

Seks ressursterke fedre
Fem av dei seks fedrane som er intervjua sit i rullestol, medan éin har ei nevrologisk forstyrring som svekker rørsle og styrke i beina hans.

Alle saman har hatt funksjonshemminga sidan barndomen, og er – eller har vore – i jobb nesten heile livet. Studenten skildrar dei som «svært ressursterke middelklassemenn», som har mellom eitt og tre barn. Nokre lever med små barn, og andre har barn som har flytta heimafrå.

LES OGSÅ: Føreslår å samle solskinnshistorier

Mennene i studien ønskjer å vere nærverande og deltakande med borna sine, skriv Fedberg Sundstrøm. Samstundes møter dei ein del utfordringar, både fysiske og fordommar. Fedrane fortel om uro knytt til farskapen. Nokre kjem frå fordommar, andre frå frykta for at funksjonsnedsetjinga skal ha noko å seie for borna.

Fysiske utfordringar
Særleg fysisk deltaking er ei bekymring, som fører med seg vonde kjensler for informantane. Dei finn løysingar på mange situasjonar og kan delta,trass i store problem. Andre utfordringar, som tur i skog og mark og feriar, er uoverkommelege for fleire av dei.

 I møte med mannlege ideal kring ein fysisk sterk kropp, fysisk storleik og musklar, så kan menn med ein funksjonshemma kropp stå i fare for å verte umannleggjort. Kanskje kan ein sei at mange funksjonshemma menn ikkje berre står i fare for å verte aseksualiserte og infantiliserte, men også av-maskuliniserte? spør Fedberg Sundstrøm.

Tett opptil det nordiske farskapsidealet
I ei engelsk studie frå 2010, hevdar forskarane Kilkey og Clarke at funksjonshemma fedrar må vere fedrar på ein ny og annleis måte. Informantane i den engelske studien følte at dei vart meir nærverande enn andre fedrar grunna funksjonsnedsetjinga.

Fedberg Sundstrøm finn også at informantane er nærverande fedrar, men meiner dette ikkje skil seg frå andre fedrar i norsk kontekst.

  Dei er nærverande fedrar på same måte som vanlege fedrar. Det er ingen tap av maskulinitet ved å vere nærverande med barn i ein moderne norsk kontekst. Mykje av idealet ved å vere far i dag er knytt til det å vere nærverande far, skriv sosiologen.

Ho skriv at funkis-fedrane lever tett opptil det moderne nordiske farsidealet, samstundes som dei sjølv presiserer at dette er heilt vanleg for alle fedrar. Dermed normaliserer dei sin eigen farskap.

Planleggjande fedrar
Foreldra som vert skildra i masterstudien er uroa. Nokre av uroingane er sidestilte med det dei fleste ferdrar opplever, medan andre er knytt til funksjonshemminga.

LES OGSÅ: Førarjenta

Samstundes fann sosiologen at funkis-fedrane var særdeles gode på planlegging. Dei var handlekraftige og ansvarsfulle. Ho knyt dette til at fedrane har hatt si funksjonshemming sidan dei var barn, og har vakse opp i ein planleggingskultur.

  Dei er planleggjande og løysingsfokuserte. Dei framstår ikkje som avhengige, barnlege og hjelpelause, skriv masterstudenten.

Den viktige assistenten
– Om eg skulle verte ein skikkeleg pappa så var eg pokka nøydd til å bruke personleg assistanse, seier ein av informantane i studien.

Fleire peikar på at ordninga dei har med assistentar gjer det mogleg å vere til stades for borna på ein god måte. Assistentane bidreg på ulike måter. Hjå nokon handlar det om å gjere fysiske aktivitetar, og hjå andre gjer assistentane det mogleg for fedrane sjølv å vere med barna på aktivitetar som kino, handballkampar og liknande.

Sosiologen konkluderer med at ei god assistentordning er avgjerande for fleire av fedrane.

Dei sårande fordommane
Fleire av informantane møtte fordommar, som kunne vere både sårande og vanskeleg å forholde seg til.

Fleire opplevde til dømes at det ikkje var forventa at dei deltok på barnas arenaar, eller at andre foreldre, eigen familie eller andre, tvilte på foreldreskapen deira og at dei i det heile teke kunne vere far.

Informanten «Reidar» fortel til dømes om korleis han og kona måtte slåst for å få barn. Dei fekk avslag på søknaden om assistert befruktning, noko dei meiner skuldast at begge sit i rullestol. Foreldreparet måtte til utlandet for å få hjelpa dei trong.

  Då eg var ferdig med møtet (på sjukehuset) følte eg meg både tygga, utspytta og tråkka på, fortel han i studien.

Informanten meiner samstundes at han har sloppe billegare unna enn kvinner i liknande situasjon. Han har ikkje blitt tilrådd sterilisering i ung alder, noko han oppfattar at er vanleg for funksjonshemma kvinner.

Påstandane har gjenklang i ein forskingsartikkel frå 2003, der Grue og Lærum finn at fleire kvinner møtte legar som tok for gitt at dei ville avbryte svangerskap, og sterilisere seg for å forhindre å verte gravide på ny.

Mødrer med funksjonshemmingar slit med at andre forventar at dei ikkje kan vere mødrer, ifølgje forskarane.

Ein annan informant i masterstudien fortel at fleire kvinner han kjenner opplever skuldkjensle når dei får barn, og at dei har fått spørsmål som; «kvifor skal du få barn?».

Sjølv har ikkje denne informanten opplevd den same skuldkjensla, noko han knyt til mannsrolla og førestillinga om at farskap ikkje er like viktig som morskap.

  Fordommar og manglande forventingar smertar fleire. Dette er noko samfunnet kan og bør jobbe mot vidare, skriv sosiologen.

LES OGSÅ: Høyrselshemma Andreas (30) har IKT-utdanning, men måtte ta vaskejobbar

Faktaboks

Kjelde: Hege M. Sundstrøm,«Funkis-fedre. Hvordan funksjonshemmede fedre gjør farskap». Masteroppgåve, 2015, Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, Universitetet i Oslo.