Føreslår å samle solskinnshistorier

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil samla sol- skinnshistorier

Student og Frp-politikar Ola Schrøder Røyset (20) rørte mange med orda «frigjør meg eller aborter meg, ikke ignorer meg!» i januar.  I ein kronikk på NRK Ytring skriv han at dersom samfunnet verkeleg skal vere inkluderande og opent, må vi også vere villige til å ta prislappen og dei moralske problemstillingane som følgjer med. Schrøder Røyset har ei funksjonshemming som gjer at han har ein assistent kring seg døgnet rundt.

LES OGSÅ: Må ha stå-på-vilje

Torstein Lerhol (27) er mellom anna kjend frå filmen Livet er herleg. Lerhol er aktiv i Senterungdommen og dagleg leiar i eit selskap i Vang i Valdres. Han har sjukdommen Spinal Muskel Astrofi, noko som fører til at han ligg i rullestol.

Både Lerhol og Schrøder Røyset kjenner seg att i den ferske doktorgradsavhandlinga «Funksjonshemming og arbeid – om like muligheter for deltakelse», der det mellom anna kjem fram at sterk arbeidsmotivasjon og høg utdanning gjer vegen inn i arbeidslivet enklare.

Kjenner seg att
Blant funna i avhandlinga, som er basert på kvalitative intervju, var at høgare utdanning gjer vegen inn i arbeidslivet enklare, og at særleg profesjonsutdanning er med å løfte fram arbeidssøkjaren sin kompetanse. Sterk arbeidsmotivasjon vert viktig når personen støyter på hindringar i møte med hjelpeapparatet eller arbeidsgjevarar som stiller seg tvilande til personen si arbeidsevne.

LES MEIR OM STUDIEN HER!

I tillegg fortalde mange at treig eller manglande tilrettelegging av arbeidsplassen skaper problem for deltaking i arbeidslivet. Arbeidsgjevarar med ei inkluderande tilnærming vert dermed ein føresetnad for deltaking, ifølgje avhandlinga.

– Eg kjenner meg definitivt att. Som ung og ufaglært er det svært usannsynleg at ein får jobb i kassa på Kiwi dersom ein har ei funksjonshemming. Då eg var yngre ville eg veldig gjerne ha sommarjobb slik som venene mine. Det var ikkje det at eg ikkje torde, men ingen hadde ein jobb for ein ufaglært 17-åring med ei funksjonshemming. Når ein ikkje kan gjere det fysiske, må ein prioritere det mentale. Det gjorde eg, men også då eg skulle flytte til Trondheim for å studere på NTNU møtte eg haldningar som «skal du verkeleg flytte dit?». Systemet jobbar ikkje for å få deg i studiar og jobb, det jobbar for å få deg på trygd, seier han.

– Eg kjenner meg absolutt att. Særleg er det med motivasjon og å syne at ein er viljug til å arbeide hardt veldig viktig, seier Lerhol.

I studien vert det òg peika på at jobbintervju kan vere ekstra krevjande for personar med funksjonshemmingar. Ofte må ein overtyde arbeidsgjevar om at ein er ein ressurs, og ta på seg ei pedagogisk rolle.

LES OGSÅ: Rettssinka Noreg

– Det er veldig få som har den funksjonshemminga eg har, og det er veldig få som veit kva den inneber. Når nokon møter meg for første gong kan eg verke som eit svakt menneske. I eit jobbintervju ligg det på meg å overtyde om at eg er ein ressurs, at eg ikkje har svak, og det kan vere ei ekstra byrde. Eg meiner at alle kan vere ein ressurs, med assistanse og riktig opplæring, seier Schrøder Røyset.

Lerhol har ikkje sjølv vore gjennom ein intervjuprosess.

– Eg fekk jobben gjennom nettverket mitt, framføre intervju. Men eg ser poenget. Ein må heilt klårt vere ein person som kan selje seg sjølv, og dersom ein ikkje er det kan det vere veldig tungt å få jobb som funksjonshemma, seier Lerhol.

Kan hauste solskinnshistorier
For Lerhol har trua på at han er ein ressurs vore viktig.

– Eg har eit sterkt ønske om å jobbe og eg veit at eg er ein ressurs. For personar som ikkje veit det og treng oppmuntring, kan NAV vere ein veldig viktig motivator. NAV speler ei viktig rolle for å hjelpe klientar til å sjå moglegheiter, seier Lerhol.

LES OGSÅ: – Svært omfattande arbeid

Han meiner at det har vore tendensar til å velje den lettaste utvegen, men at dette er i endring.

– Delar av NAV har ført ei litt lite offensiv linje, der ein har teke lettaste utveg. Det kan føre til at somme vert passivisert. No er det på veg til å snu, og NAV får tydelege føringar på at til dømes uføretrygd skal vere siste utveg, meiner han.

Lerhol meiner at NAV er i ein unik posisjon, som også kan nyttast på nye måtar.

– Eg og Ola ser løysingane og moglegheitane. Veldig mange treng meir dytt for å komme i gang. Her er NAV i ein unik posisjon til å hauste positive erfaringar som ein kan dele med andre. Det er veldig mange solskinshistorier som aldri kjem fram. Kanskje burde desse samlast i ein ressursbank, som alle kan dra nytte av, føreslår han.

LES OGSÅ: Livet er herlegare enn nokon gong

Kokar ned til haldningar
Ikkje alt kan verte endra med lovgjeving, meiner Lerhol og Schrøder Røyset.

– Det tek lang tid å endre haldningar. Først på 90-talet byrja funksjonshemma å delta i det norske samfunnet for fullt, så strengt tatt er vi eit veldig ungt land på området. Til dømes kan eg framleis møte eldre menneske med haldningar som at dei må ta hand om eller passe på funksjonshemma. Diverre pregar slike haldningar samfunnet vårt framleis. På politisk nivå kan vi legge til rette reint fysisk, men å endre folks haldningar krev mykje, ikkje minst av alle funksjonshemma. Vi må sjå på funksjonshemma som heilt ordinære menneske, for det er det vi er, seier Schrøder Røyset.

Lerhol er einig, og meiner ei endring allereie er i gang.

– Ein kan ikkje vedta at arbeidsgjevarar skal endre haldning. Det er noko som skjer over tid. Når fleire ser at funksjonshemma er ein ressurs vil dei ta det med seg vidare og ei positiv endring vil kome. Samstundes kan staten og NAV framskunde prosessen ved å stimulere til tilrettelegging, seier han.

LES OGSÅ: Elevar med ekstra behov fell utanfor