Studentar vel dårlege skular i utlandet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka er laga og vart først publisert av Senter for internasjonalisering av utdanning.

– Rapporten viser at det ikkje alltid er samsvar mellom kor aktive institusjonane er med å marknadsføre seg og kvaliteten dei kan tilby, seier Ragnhild Tungesvik, avdelingsdirektør ved Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).

Dei siste fem åra har utbetalingane frå Lånekassen til skolepengar auka med seksti prosent, viser ein ny SIU-rapport. Dette heng saman med eit geografisk skifte i kor dei norske gradsstudentane vel å studere.

Fleire reiser til USA og Storbritannia, der sistnemnde er det mest populære landet.

LES OGSÅ: Studentane jobbar meir enn før

I løpet av ein tiårsperiode frå 2004 har talet på studentar som tek ein grad i Tyskland gått ned med rundt femti prosent. Rundt tretti prosent færre dreg til Frankrike.

– Det er ein tendens at fleire studentar ønsker å studere i engelskspråklege land, som Storbritannia og USA. Auken i utbetalinga av skolepengar heng mykje saman med at institusjonar i desse landa ofte tek høge skolepengar, seier avdelingsdirektør Ragnhild Tungesvik på SIU.

Dei siste fem åra har det blitt fleire utreisande gradsstudentar, andelen som betalar skolepengar har gått opp, og den årlege utbetalinga per student har auka.

Større lånebyrde på studentane
Rapporten «Til hvilken pris? Norske gradsstudenter i utlandet» viser at dei aller fleste norske studentar vel å ta heile graden sin på gode institusjonar i utlandet. På same tid studerer rundt tjue prosent av studentane på institusjonar som ligg lågt på nasjonale rankinglister, og som er lette å komme inn på.

Fleire av desse, særleg i Storbritannia og USA, marknadsfører seg aktivt overfor norske studentar.

– Rapporten viser at det ikkje alltid er samsvar mellom kor aktive institusjonane er med å marknadsføre seg og kvaliteten dei kan tilby. Det er difor behov for å auke kunnskapen hos framtidige utanlandsstudentar om kva institusjonar som er gode nok, seier Tungesvik.

Då Lånekassen i 2004 la om støtteordningane sine fekk studentane meir midlar, men samstundes gjekk ein stor del av skolepengane frå stipend til lån. Det er difor i større grad studentane sjølve som sit att med lånebyrda.

– Med tanke på at studentane opparbeider seg store studielån, hadde det vore ønskeleg at dei vel institusjonar kor dei er sikra valuta for pengane, seier Tungesvik.

Vil ha fleire til Frankrike og Tyskland
Frankrike og Tyskland er satsingsland for utdanningssamarbeid for Noreg, og det er eit politisk mål at fleire nordmenn vel å studere i desse landa. Dei er viktige handelspartnarar, og Noreg har mykje samarbeid med dei, både innan næringsliv og kultur. 

Rapporten viser at institusjonar i Frankrike og Tyskland ikkje marknadsfører seg mykje overfor norske studentar.

– Offentlege, gode institusjonar i Tyskland tek ikkje lenger skolepengar, og i Frankrike er kravet til gebyr lågt, seier Tungesvik.

Ho trekk òg fram at utanlandsstudentar ofte får ein førstehands kjennskap til både språk og kultur, og difor blir viktige ressursar i det norske arbeids- og næringslivet seinare.

– No har regjeringa lansert ekstra støtte til språkopplæring før studentane byrjar studiane, så det burde ligge meir til rette for at fleire kan reise til desse satsingslanda, seier Tungesvik.

Språket avgjorde
Martine Sagen Nilssen studerer medisin i Berlin, og har nett avslutta sitt andre semester ved Charité, som er tilknytta det velrennomerte Humboldt-universitetet.

– Eg ville lære tysk skikkeleg og tenkte «kvifor ikkje kombinere det med vidare utdanning, så får eg ei gratis språklæring med på kjøpet?». For min del var engelskspråklege land uaktuelle fordi eg ikkje hadde lyst å studere på engelsk, fortel Martine.

LES OGSÅ: Større skilnad på høgt og lågt utdanna

– At ein ikkje må betale skolepengar her er ein bonus, legg ho til.

Ho er overraska over at ikkje fleire norske studentar vel å studere i Tyskland, og trur årsaka kan vere at dei vel minste motstands vei.

– Eg trur det har mykje med språket å gjere, folk er redd for den ekstra innsatsen det medfører å lære seg tysk, seier ho.

Vil gje studentane betre informasjon
Kunnskapsdepartmentet (KD) har no sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på korleis norske studentar som planlegg å studere i utlandet kan få betre informasjon om kvalitet i utdanningane. Gruppa vert leia av SIU.

– Det kan vera vanskeleg å finne god informasjon om kvaliteten på studiar i utlandet. Arbeidsgruppa skal ha som mål at potensielle utenlandsstudentar skal kunne gjere bevisste utdanningsval basert på meir og betre informasjon om kvalitet i utdanningane, og utenlandske akkrediteringssystemer, enn det som vert gjort i dag, seier statssekretær Bjørn Haugstad i KD.

– Kvifor er det viktig at norske gradsstudentar får nøytral informasjon om kva universitet dei bør studere på?

– Som rapporten frå SIU viser, er det ikkje nødvendigvis samanheng mellom intensiteten i marknadsføringa og kvaliteten på den utdanninga som vert tilbode, seier Haugstad. 

– Vi har mange norske aktørar med god kjennskap til delar av utdanningssystema utanfor Noregs grenser, og dersom desse kan samkjøre sitt informasjonsarbeid er det noko både studentar og samfunnet vil kunne dra nytte av. Eg har stor tillit til at studentar kan ta sjølvstendige avgjersler, men det er viktig at desse vala byggjer på eit best moleg kunnskapsgrunnlag, og at studiekvalitet er ein faktor.

Arbeidsgruppa skal mellom anna sjå på aktuelle tiltak for å gje studentane betre og nøytral informasjon om utenlandske institusjonar med god kvalitet. 

– Eg ser fram til deira forslag. Målet er at studentane skal få tilgang til meir samordna informasjon allereie frå hausten, seier Haugstad.

LES OGSÅ: Norsk tapar for engelsk

Faktaboks

I 2014 var det kun 220 norske gradsstudentar ved tyske institusjonar

I 2014 hadde franske institusjonar 174 betalande norske gradsstudentar

Omkring 5000 norske gradsstudentar studerte i Storbritannia i 2014

Les mer om skolepenger i utlandet på SIUs nettsider