Det kjem fram som følgje av forsøk gjort på mus, av Nasjonalt Institutt for ernærings- og sjømatsforskning (Nifes).

Vikebladet
Vikebladet

At mange nordmenn slit med vekta er inga hemmelegheit. I 2014 hadde kvar femte vaksne og kvart sjette barn i Norge fedme eller overvekt. Det viser tal frå Folkehelseinstituttet. Samstundes veit ein at fedme aukar risikoen for blant anna type 2-diabetes og hjarte- og karsjudommar.

To nye fôringsforsøk med mus og eitt eteforsøk med friske vaksne kan vere med på å gje nokre svar. Stikkordet er mager sjømatm skriv NIFES på sine nettsider.

Åt mindre

Det første forsøket blei gjort på mus, som blei delt inn i to grupper. Forskarane gav halvparten av musene ein diett med protein frå mager sjømat, medan resten fekk ein diett med protein frå magert kjøt, fortel NIFES-forskar Bjørn Liaset, som har leia prosjektet.

– Vi såg at musene som fekk mager sjømat åt mindre, sjølv om diettane hadde like mykje energi, sier han.

Noko som naturlegvis fekk forskarane til å spørje seg om musene rett og slett ikkje likte sjømaten så godt.

– Difor fekk musene tilbod om begge diettane. Halvparten av musene hadde likevel sjømaten som førsteval, fortel Liaset.

Sjømatdietten var ein miks av torsk, steinbit, lange, uer og kamskjell, medan kjøttdietten var ein miks av kylling, indrefilet av svin og ytrefilet av storfe.

– Vi lurer rett og slett på om musene som fekk sjømaten følte seg meir mette, seier Liaset.

Latare kjøttetarar

Musene som åt kjøt rørte seg også mindre enn dei som åt sjømat. Etter tolv veker kunne forskarane i tillegg sjå at musene på kjøttdietten hadde utvikla meir fedme, og dei hadde teikn på byrjande diabetes.

– Mager sjømat kan altså senke risikoen for fedme og diabetes i mus, seier Liaset.

Funna fra forsøket er nyleg publisert i ein artikkel i The Journal of Nutritional Biochemistry.

LES SAKA I VIKEBLADET!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE