(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Om lag kvar tiande elev i tiande klasse seier dei har vore fulle, ifølge tal frå den landsomfattande spørjeundersøkinga «Helsevanar blant skuleelevar» frå UiB. Det melder NRK.

LES OGSÅ: Mindre rus, meir stress

Det er nesten 30 prosent færre enn ved førre spørjeundersøking for fire år sidan.

Tala i år viser også at mindre enn to prosent av ungdomsskuleelevane opplyser at dei røykjer.

– Det går inn i ein generell sunn profil, og at ein ønsker å ha kontroll på eigen oppførsel. Det er ein heilskap, seier Oddrun Samdal, som er professor i helsepsykologi ved Universitetet i Bergen.

LES OGSÅ: «Eg sov ikkje, mista mensen og svimte av på skulen»

16-åringar slankar seg
Undersøkinga har også sett på kroppspresset blant unge. Der viser det seg at to av fem jenter på 16 år slankar seg.

– Dersom vi ser på høgde og vekt, som dei også har rapportert, er det berre ein liten del som er overvektige. Fleirtalet av jentene driv med unødvendig slanking, seier Samdal.

I tillegg kjem det fram at ungdom no slit meir med skulestress og helseplager, trass i mindre rusmiddelbruk og betre matvanar.

4.500 elevar på 11, 13, 15 og 16 år har svart på undersøkinga. (©NPK)

LES OGSÅ: Rusmisbruk går i arv

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE