Homofile får dårlegare løn

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I juni publiserte Fafo ein kunnskapsgjennomgang av forsking kring lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LHBT) i arbeidslivet. Studien gjev oversikt over norsk og internasjonal forsking på området.

LES OGSÅ: Skeiv litteratur til folket!

Omfanget gått ned
Fleire av studiane forskarane har gått gjennom, syner at LHBT-personar opplever meir diskriminering i arbeidslivet enn heterofile.

Samstundes har omfanget av diskrimineringa gått ned dei siste åra, mellom anna i Danmark. Dei fleste har positive erfaringar, men nokre fell utanfor, heiter det i rapporten.

Eit anna funn er at relativt fleire lesbiske og homofile har eit høgt utdanningsnivå og høgare stillingsnivå enn heterofile.

LES OGSÅ: Transformatoren

Lønsdiskriminering
Ein studie frå Sverige syner at både lesbiske og homofile vert diskriminert i tilsetjingsprosessar. Studiar syner òg at homofile menn i snitt tener mindre enn heterofile menn. Lesbiske kvinner tener derimot meir enn heterofile kvinner. Tilsvarande funn er blitt gjort i Storbritannia, Nederland, Frankrike og USA.

Fafo-prosjektet er gjennomført på oppdrag frå LHBT-senteret ved Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Forskarane bak rapporten konkluderer med at det er behov for meir kunnskap om haldningar, arbeidsmiljø og diskriminering, og tiltak som kan motverke diskriminering.

LES OGSÅ: – Valet er mitt