Vil la ungdom få tena opp pensjon

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka byrja dei første lønsforhandlingane mellom Fellesforbundet og Norsk Industri. Eitt av krava frå arbeidarane, er at ungdom skal få lov til å tena opp pensjon frå første krone ein tener. Anten det er som avisbod eller i sommarjobb.

I dag må du vera over 20 år for å tena opp pensjon. Og oppteninga av pensjon byrjar først etter du har tent 90.000 kroner i året.

– Me skattar frå første krone, så kvifor skal me ikkje få tena opp pensjon frå første krone? spør Richard Storevik.

Han er klubbleiar for Fellesforbundet på Apply Leirvik og leiar i det sentrale ungdomsutvalet til Fellesforbundet. Han understrekar at dette er ei viktig sak for unge.

LES OGSÅ:Fleire unge har pensjonssparing

– Viktig sak
– Eg skjønar at det er vanskeleg å vera opptatt av pensjon når ein er ungdom. Men grunnen til at me er opptatt av dette, er at det blir sagt at vår generasjon er pensjonstaparane, seier Storevik til Framtida.no.

Eldrebølgja og omlegging av pensjonsordninga er ei viktig årsak til dette.

Dei fleste lærlingane byrjar i jobb frå dei er 18 år gamle. Storevik meiner det er viktig at alle får byrja å tena opp pensjon så tidleg som mogleg.

– Dette gjeld òg mange ungdommar som arbeider deltid. Dei får ingen sjanse til å tena opp pensjon, åtvarar han.

QUIZ:Forstår du deg på økonomi?

Faktaboks

Pensjonsreforma, som blei lagt fram av Stoltenberg-regjeringa, vedtok at pensjonen frå folketrygda som blir utbetalt til kvar av oss skal justerast etter levealder frå 2011. Sidan levealderen aukar, må ein jobba lenger for å få utbetalt det same som tidlegare.

Folketrygda blir finansiert av arbeidstakarane gjennom trygdeavgifta som ein betaler når ein betalar skatt og av arbeidsgivarane gjennom arbeidsgivaravgifta.

Pensjonen er no delt i tre deler. Folketrygda, AFP (avtalefesta pensjonsordning) og obligatorisk tenestepensjonsordning (OTP). Frå 1. juli 2006 blei det obligatorisk for alle arbeidsgivarar å betala for ei tenestepensjonsordning.