«Språksmarte Noreg»
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Smartare av nynorsk
Ytringa var først publisert på Ivar Aasen-tunet sine nettsider.
Det er relativt stor semje om at fleirspråklege born blir smartare enn einspråklege. Men er det slik at fleirspråklegheit i det norske samfunnet kan gi slike fordelar? Med andre ord: Blir ein språksmart av å bu i Noreg?
Sjå dét har ein nett diskutert på eit seminar i Sogndal i regi av UH-nett Vest sitt nettverk for nynorskforsking dei to siste dagane, der underteikna har teke del. «Kognitive effektar av norsk toskriftspråklegheit» er namnet på seminaret, som synleggjer at det nettopp er skrift ein ser på når ein har ønskt å undersøkje dei norske tilhøva. Språkvitar Øystein A. Vangsnes og kognitiv psykolog Göran Söderlund har nemleg gått inn i den språklege delen av det som blir skildra som «Sogn og Fjordane-paradokset». Det går ut på at elevar i dette fylket skårar høgt på nasjonale prøver, trass i at utdanningsnivået til foreldra er lægre enn gjennomsnittet på landsnivå.
LES OGSÅ: – Smartare av nynorsk
Utdanningsnivået til foreldra er ein svært viktig faktor i kor godt elevane gjer det på skulen. Likevel gjer altså dei unge håpefulle i trivselsfylket det betre enn gjennomsnittet på desse nasjonale prøvene. Kva er grunnen? Det blir peikt på fleire forklaringar, mellom anna den vestlandske egalitære skulemodellen der læraren har hatt ein sterk posisjon, motkulturelle krefter, og sterkt samband og samarbeid mellom kommune, skule, fylke og heim. Men så er jo også slik at elevane i Sogn og Fjordane – kanskje det vi kan kalle det einaste reinhekla nynorskfylket i Noreg – i realiteten er tospråklege, iallfall når det gjeld skrift. Vangsnes og Söderlund peikar på at medan elevane i Sogn og Fjordane lærer nynorsk på skulen og får bokmål mest gratis frå storsamfunnet, blir tilsvarande elevar i bokmålsområde berre eksponert for eit skriftspråk, nemleg bokmål. Kan dette vere ein del av forklaringa på kvifor elevar i Sogn og Fjordane gjer det så godt på nasjonale prøver?
DEBATT: «Oslo Arbeiderparti og det pubertale nynorskhatet»
Og rett nok, når forskarane jamfører dei nasjonale prøvene med elevar og opplæringsspråket deira, viser det seg at det er ein fordel å ha nynorsk. Vangsnes og Söderlund legg til grunn 416 kommunar i dette materialet, altså så godt som heile landet, og ein har då korrigert for sosioøkonomiske variablar som utdanningsnivået til foreldra, kor vidt mora er yrkesaktiv, og om foreldra er saman. Men det er likevel vanskeleg å seie om det nett er effekten av det tospråklege som gjer at resultata blir slik. Forskarane er nemleg heilt tydelege på at dei positive tospråkseffektane – betre utøvande kontroll, tidleg evne til mentalisering og auka metakompetanse om språk – er ein del av eit større bilete. Det er difor mange tilhøve og variablar å ta omsyn til når ein forskar på dette.
LES OGSÅ: Meir kriminalitet i bokmålskommunar
Det Vangsnes og Söderlund har gjort av kvalitativt ny forsking til no, er å utføre såkalla psykometriske testar på ulike elevgrupper i Sogn og Fjordane og Nord-Trøndelag. Hypotesen deira var at der er ingen skilnad mellom gruppene i 1. klasse, men at det i 5. og 8. klasse kom til å vere skilnad, men i positiv favør av nynorskelevane i Sogn og Fjordane.
I desse testane viser det seg derimot at trønderane gjer det best, noko som har gitt forskarane litt å tenkje på. Dei lurer på om testane rett og slett kan ha vore for lette, og at dette kan ha gitt ein negativ effekt på gjennomføringa. Det er oppstått eit nytt paradoks i paradokset.
Ein annan forskar på seminaret, Mila Vulchanova, professor ved NTNU, meiner derimot å kunne forklare kvifor trønderane gjer det godt på testane til Vangsnes og Söderlund. Ho meiner at den norske språksituasjonen er heilt unik, med fleirspråklegheit på fleire nivå, både i skrift og i talemål. Hennar granskingar viser at det er ein fordel å ha bakgrunn som nynorskskrivande i testar som tek for seg prosessering av språk. Men ifølgje Vulchanova gir også dei ulike dialektane våre i Noreg fleire språklege fordelar enn vi kanskje trur, fordi dei er meir ulike enn vi trur.
LES OGSÅ: Trønderen Rikard Ingdal debuterer på nynorsk
Så blir elevar med nynorsk i opplæringa smartare enn bokmålselevar? Førebels kan det sjå ut til at svaret i beste fall er eit tja. Det kan like godt vere at det er kulturelle og sosioøkonomiske tilhøve som gjer at elevane i Sogn og Fjordane gjer det godt på nasjonale prøver.
Nynorsk er som kjent meir enn eit språk.