Nordmenn smuglar apekjøt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire nordmenn tar med seg apekjøt ulovleg inn i Noreg, opplyser Tollvesenet til P4.

1038 kilo kjøt- og mjølkeprodukt frå tredjeland vart beslaglagt på Oslo lufthamn i fjor. Det er ein auke på 20 prosent frå 2014.

LES OGSÅ: Smuglar bleier til Europa

Kamel, ape og krokodille
Ulovleg importerte matvarer kan vere smittefarleg. Til vanleg kontrollerer Mattilsynet kjøtet og ser at det er produsert lovleg. Når ulovleg importert mat dukkar opp, veit ein ikkje korleis det er handtert. Då kan det vere farlege bakteriar i kjøtet.

Seksjonssjef Tor Fredriksen i Tollvesenet på Gardermoen ber folk vere på vakt.

– Tollvesenet fører ikkje statistikk på kor mykje av kjøtet som er apekjøt, men har over tid avdekt kjøt frå fleire dyr, som kamel, ape og krokodille.

Fredriksen trur det aukande talet på ulovleg import har å gjere med at vi reiser meir.

– Vi reiser meir enn før, og vi reiser lenger bort enn vi gjorde før. I tillegg er det fleire i Noreg av utanlandsk opphav som reiser til heimlanda og som tar med seg mat derifrå. (©NPK)