Helsefag og naturbruk aukar mest

Særleg eitt yrkesfag stuper i popularitet.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eitt fag stuper i popularitet

Helse- og oppvekstfag, Naturbruk og Bygg- og anleggsteknikk er utdanningsprogramma med størst auke i Hordaland, til liks med fleire andre fylke.

– Naturbruk er eit utdanningsprogram som ikkje har blitt omtala så mykje som dei andre yrkesfaga, men får no ein auke i søkjartalet som ein må svært mange år tilbake for å finne maken til, seier inntaksleiar i Hordaland Nils Skavhellen.

Gode tider i oppdrettsbransjen kan vera ei viktig forklaring.

Mange 10.klassingar har òg fått med seg at eldrebølgja vil krevja stadig fleire helsearbeidarar.

I Rogaland aukar helse- og oppvekstfag med heile 37 prosent.

I Telemark er det byggfag som har størst auke.

LES OGSÅ:Manglar elevar til læreplassar

Fag med nedgang
Teknikk og industriell produksjon, studiespesialiserande og restaurant- og matfag er dei tre utdanningsprogramma med størst nedgang i Hordaland samanlikna med 2015.

TIP har òg færre søkjarar i Sogn og Fjordane.

– I Hordaland har Teknikk og industriell produksjon i løpet av to år fått ein nedgang på 380 søkjarar.  Dette har heilt klårt med utviklinga på arbeidsmarknaden å gjere. Nedgangen utgjer kring 35 prosent over to år, og det er klårt at dette vil merkast innanfor det største yrkesfaglege utdanningsprogrammet, seier inntaksleiar i Hordaland Nils Skavhellen i ei pressemelding.

– Det mest spesielle, og kanskje overraskande, er at søkjartalet i eit lite utdanningsprogram som Restaurant- og matfag har fått så mange færre søkjarar enn i 2015.  Etter to-tre år med rimeleg stabilt, men lågt søkjartal, får ein no ein reduksjon som truleg fører til at klassar må leggjast ned, legg han til.

– Innanfor Vg2 i utdanningsprogrammet Teknikk og industriell produksjon er det oppsiktsvekkjande låg søknad til Vg2 Brønnteknikk. For to år sidan hadde dette programområdet 197 søkjarar frå Hordaland. I år er det 22 søkjarar til 30 plassar. På den andre sida er det ein liten auke i søkjartalet til Vg2 Maritime fag. Dette er også overraskande slik arbeidsmarknaden er innanfor dette faget, ifølgje Skavhellen.

LES OGSÅ: Skule med eige oppdrettsanlegg