Ventar fleire søkjarar til akvakultur

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ventar søknadsrush til oppdrett

– Mulegheitene er veldig gode med akvakultur. Me har eit veldig tett samarbeid med næringa lokalt. Så lenge elevane kjem seg opp om morgonen og gjer leksene, så får dei læreplass, seier Bjarte Haugland, lærar i akvakultur ved Austevoll vidaregåande.

Elevane på Austevoll får praksis i lokale bedrifter kvar onsdag og betaling for å ta helgevakter.

Inntaksleiar i Hordaland fylkeskommune Nils Skavhellen trur dårlege tider i oljeindustrien kan påverka søknadstala:

– Eg ser ikkje vekk frå at det vil bli større søknad til VG1 naturbruk, seier han. Skavhellen vil ikkje utelukka at det kan koma ein klasse til, men meiner det skal seier at det skal litt til, og viser at ein i Fusa har hatt god kapasitet.

Hans-Inge Algrøy, regionsjef i Vestnorsk havbrukslag, trur at den gode søknaden som var i fjor kan bli endå større i år og ser at fleire unge har oppdaga dei gode tidene i næringa.

LES OGSÅ: Nesten ingen studentar vel akvakultur

– Valdsam interesse
– Det er ein valdsam interesse, seier Bjarne Våga. Han stilte saman med Ingrid Storetvedt frå Alsaker Fjordbruk på Utdanningsmessa på Stord tidlegare i vinter.

– Folketalet i verda aukar og det gjer også behovet for mat. Det er optimisme hos oss, seier ho til dei mange ungdommane som kom innom standen deira.

Alsaker Fjordbruk har totalt 250 tilsette. Kvart år tar dei inn 4-5 lærlingar. To av dei er på Tysnes no.

– Har du tatt fagbrev i akvakultur, så er det gode sjansar for å få jobb i nærområdet ditt, seier Ingrid Storetvedt. Dei har òg behov for folk som kan økonomi og andre støttefunksjonar.

LES OGSÅ: – Når det er fint vêr, er dette verdas beste jobb

Vil bli ROV-pilot
Sebastian Rosvold har planane klare om å bli ROV-pilot og fjernstyra undervassfartøy for oppdrettsselskap.

– Ideen kom frå stefar min, som sjølv er ROV-pilot. Eg synest det er så interessant at eg kan tenkja meg å bli det sjølv, seier han. Stefaren heiter Trond Bakkane og jobbar i olja. Sebastian Rosvold reknar ikkje med det blir så enkelt å få jobb i Nordsjøen i framtida, men trur det vil vera ganske lett å få jobb i oppdrettsindustrien.

– Eg vil gå førsteåret på elektro på Os, og så søkja med inn på automasjon på Stord andreåret, seier han.

LES OGÅS: Oppgjer med sjølvgod oppdrettsnæring

Faktaboks

Akvakultur er ei vidaregåande utdanning ein kan ta etter at ein har tatt VG1 Naturbruk. Etter eitt år med VG2 Akvakultur, så kan ein søkja om å bli lærling, eller ta påbygg eller ta studieførebuande naturbruk som VG3.