Toppidrettsutøvaren vart frisk av eteforstyrringar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Eg måtte vera dønn ærleg

Denne veka blir «Spring for livet. Slik blei eg frisk» lansert. I boka fortel Roset ope om overgangen frå å vere ei glad og aktiv jente til år med eteforstyrringar – og korleis ho fann vegen ut av det.

Mykje respons
Roset er i dag journalist, men var i mange år aktiv friidrettsutøvar og eit stort løpstalent. På bloggen «Springerinne» har ho delt erfaringane sine med sjukdom og behandling. Responsen ho fekk, gjorde at Samlaget kontakta henne for å lage bok.

LES OGSÅ: Fleire søkjer hjelp for eteforstyrringar

– Eg har fått mange e-postar. Dei har kome frå vaksne damer, pårørande, yngre jenter og gutar som slit. Dei har lese innlegga og spør om eg kan hjelpe dei vidare og gi gode råd. Det er det som har drive meg i arbeidet med boka, at eg kanskje kunne hjelpe nokon, gi dei håp og gneiste, seier Roset.

For hennar eigen del var det ei vektmåling og eit dårleg resultat på ein O2-test som tredjeårig idrettslinjeelev, som skulle bli starten på mange år med sjukdom.

– Eg synest det er rart den dag i dag at skulle ende opp der. Eg var glad og sosial, var med venner og hadde den største nistepakken. Det med mat var ikkje noko eg tenkte over.

– Eg begynte med å kutte ut kveldsmat og sjokolade, og så balla det på seg, fortel ho.

– Auka kroppspress
– Idretten rommar eit naturleg fokus på prestasjon og kropp. Tenkjer du at gutar og jenter i miljøet er ekstra utsette?

– Inntil for nokre år sidan tenkte eg det. Men kroppspresset har auka veldig i samfunnet generelt. Eg trur dei unge som veks opp i dag kan bli påverka i like stor grad som dei som driv idrett. Men i idretten ligg det kanskje litt til rette for det, med krav til prestasjon og med kleda ein bruker.

LES OGSÅ: Stadig yngre treng hjelp

Roset er skeptisk til kroppsideala og bileta som blir pumpa ut i sosiale medium som Instagram og Facebook. Kropp har blitt status, påpeiker ho.

– Eg synest nesten litt synd på dei som er unge i dag. Det er ikkje rart det blir kroppspress. Du skal vere ganske sikker på deg sjølv for å stå imot, seier Roset.

– Ta kontakt
Ho rår trenarar og vaksenpersonar til å unngå kommentarar som handlar om kropp, og heller vere gode førebilete som legg vekt på treningsglede, det å gjere sitt beste og å fortelje kor viktig mat er. Er ein bekymra for at unge har eit problematisk forhold til mat og kropp, bør ein heller ikkje vere redd for å ta kontakt.

– Viss trenaren har eit godt forhold til utøvaren, bør han gå til den det gjeld. Ikkje kjefte, men vere roleg. Enten blir utøvaren glad, eller kanskje nektar ho. Uansett set det i gang ein tankeprosess, og du viser at du bryr deg. Om du ikkje kjenner utøvaren, kan du gå til foreldra, rår Roset til.

– Og foreldre bør ikkje kjefte og smelle og seie «no må du ete», seier ho.

«To heiltidsjobbar»
Nokre år ut i sjukdomsløpet fekk ho sjølv nokre gode år på idrettsbana. Den gong trudde Roset ho var ferdig med eteforstyrringane. Med «meir på kroppen» tok ho tre NM-gull på 800 meter, vann Nordisk meisterskap og kvalifiserte seg til EM. Eit trøyttleiksbrot i bekkenet sette ein stoggar for treninga, og bulimi kom inn i sjukdomsbiletet. Ein gong hadde ho måla OL-ringane på veggen heime, no blei idrettskarrieren etter kvart lagt på hylla. Men enno skulle det gå fleire år før Roset blei frisk.

Tilværet som skrivande magasinredaktør og samtidig sjuk av eteforstyrringar, omtalar ho i boka som «to heiltidsjobbar».

– Mellom 8 og 16 var det fullt køyr på arbeid, medan jobben med eteforstyrringa starta med trening i 4-5-tida. Eg planla maten eg skulle ha med, åt ikkje felleslunsj og ville unngå å vere med på turar. Eg passa på å gjere ein god jobb med arbeidet og med eteforstyrringa. Sjølv om eg treivst på jobb, blei eg meir og meir sliten.

– Ikkje sit aleine
For Roset var møtet med den rette behandlaren ein av faktorane som blei avgjerande for å kome ute av den vonde sirkelen. I dag er ho frisk, sambuar og mor. Rådet hennar til andre som slit med eteforstyrringar, er å ikkje bli sitjande aleine med sjukdomen.

– Det blir berre verre jo lenger du held på, og du øydelegg mykje for deg sjølv. Bulimi og anoreksi kan ha veldig alvorlege følgjer om du held på for lenge. Ein må ha nokon å snakke med, kunne opne seg forsiktig til nokon ein stolar på. Så må ein prøve å søkje hjelp, sjølv om det ikkje alltid er så lett å få, seier ho, som sjølv har varierande erfaring med behandlarar.

Roset meiner både legar, skular, idrettsutdanningar og idrettsmiljø treng meir kunnskap om eteforstyrringar. Ho har sjølv blitt spurt om å halde føredrag for unge. No håpar ho også boka kan vere med å spreie kunnskap. «Spring for livet» er kjøpt inn av Norsk kulturråd, noko som betyr at 700 eksemplar hamnar i bibliotek rundt om i landet.

– Eg håpar dei som ikkje veit så mykje om sjukdomen får litt meir kunnskap, at ein kan forstå betre korleis det er å vere sjuk. Eg håpar det òg skal vere eit hjelpemiddel til å bli betre. Det er brutalt, men eg håpar folk tør å gå den vegen, seier Kristin Roset. 

LES OGSÅ: «Julefeiringa er ein stor triumf for meg»