Byter på å gå på skule og i lære
Foreldrene har fått «nye» ungdommar som gler seg til skule og jobb.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etter berre eit halvt år på vidaregåande skule, gjekk elevane ved Årstad vidaregåande skule nyleg frå å vere elevar til å bli lærlingar.
Skulen får dei første elevane i vekslingsmodellen i frisørlære, der utdanninga går over fire år med veksling mellom skule og lære.
LES OGSÅ: Ungdom utan læreplass får svi
I staden for at elevane går to år på skule og så to år i lære, får elevane kome ut i lære allereie etter det første halvåret. Dei vekslar mellom skule og læretid til dei tek fag- eller sveinebrev etter fire år.
Ifølgje Hordaland fylkeskommune går no dei første 15 frisørelevane i Hordaland no vekslingsmodellen. Bygg og anlegg, barne- og ungdomsarbeidar og helsearbeidarfaget har allereie prøvd ordninga i to år.
Elevar ved Årstad vgs seier på nettsidene til fylkeskommunen at det er kjekt å byrje tidleg i lære, når dei veit kva dei vil bli. Dei opplever det som ekstra motivasjon å få løn. Også bedriftene er nøgde:
– Vi har fått betre rekruttering, med ein auke i søknaden på 20 prosent. Vi treng ungdommen, og vi treng å få dei tidleg ut i bedriftene. Etter at vi fekk vekslingssmodellen har vi aldri hatt eit så godt samarbeid med skulen. Vi har fått telefonar frå foreldre som har fått «nye» ungdommar som gler seg til å gå på skule og jobb. Vi har kø hos vore bedrifter etter lærlingar. Då vi starta, hadde vi 30 bedrifter som ville ha dei 15 lærlingane, seier Inge Bauge, dagleg leiar i Byggmestrenes Servicekontor AS, på nettsidene.
LES OGSÅ: Vil sikra lærlingane kvalitet