NHO og Veidekke er uroa over at foreldre ikkje er trygge på kva råd dei skal gi unge.

mm

Foreldre blir sett på som den viktigaste rådgjevaren når ungdom skal velja studieretning for vidaregåande opplæring. Likevel seier éin av tre i ei undersøking at dei har for lite informasjon til å utfylla denne rolla.

– Me veit at foreldre er den viktigaste sparringspartnaren for borna. Då er det grunn til uro over at så mange synst dei manglar informasjon. Dette kan i verste fall gå utover søkartala til yrkesfag, seier konsernsjef Arne Giske i Vegdekke i ei pressemelding.

Treng 190.000 fagarbeidarar
Ifølgje Statistisk sentralbyrå vil det dei neste 15 åra vera eit enormt behov for fagutdanna innan bygg og anlegg. Frå eit nivå på rundt 140.000 fagarbeidarar i dag, vil behovet stiga opp mot 190.000 i 2030. Med naturleg avgang vil dette gje eit behov for kring 6.000 nye fagarbeidarar kvart einaste år.

– Vel du yrkesfagleg retning vel du ikkje berre ei trygg framtid, du vel deg ei framtid med mange høve. Våre fagarbeidarar har ei inntekt på minst ein halv million, og slepp nedbetaling av dyre studielån. Undersøkinga vår viser òg at ein av fire foreldre ikkje er klar over at alle studieretningane innan yrkesfagleg opplæring gjev høve til studiespesialisering i etterkant. Dette er viktig informasjon som alle foreldre bør vera klar over, held Giske (bildet) fram.

QUIZ: Den store yrkestesten

– Rivande utvikling
NHO er ein av mange aktørar som jobbar for at fleire skal få auga opp for yrkesfag. Administrerande direktør Kristin Skogen Lund meiner at foreldre kanskje ikkje er klår over at yrkesfag har endra seg mykje sidan foreldregenerasjonen var unge.

– Yrkesfag er i ei rivande utvikling. Eg håpar foreldre vil setja godt seg inn i kva yrkesfag inneber og kva for høve yrkesfag gjev. På den måten kan dei hjelpa borna sine med å ta eit klokt val, seier Skogen Lund.

LES MEIR OM YRKESFAG HER!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

Kommentarar

ANNONSE