Kan arkitektar hjelpe flyktningar?
Studentar ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo reiser på studietur til Hellas for å læra kva arkitektar kan bidra med i flyktningkrisa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg trur det vert veldig emosjonelt og veit ikkje heilt om eg er klar, seier chilenske Mantseerat Solervicens.
22-åringen er ein av arkitektstudentane på Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO), som tek kurset «In-transit».
Denne helga reiser ho og dei andre kursdeltakarane på studietur til Hellas – landet som tek imot brorparten av alle flyktningane, som i desse dagar kjem til Europa.
I ti dagar skal dei vera på dei greske ferieøyene Kos, Kalymnos og Leros. Her vil dei snakka med folk, gjere research og presentere sine forslag til sosiale møteplassar i flyktningleirane.
LES OGSÅ: Fleire kvinner og barn tek den farefulle ferda over Middelhavet
Flyktninghjelpen
Kurset ved AHO er eit samarbeid med Flyktninghjelpen/NORCAP.
Dei kursansvarlege arkitektane Håvard Breivik og Tone Selmer-Olsen, var i fjor i Makedonia på oppdrag for organisasjonen.
Timelærar Tommy Sandløkk forklarar i ein e-post at kurset har som mål å utvikla designløysingar og nytenkjande romlege innretningar av transit-rom for menneskjer på flukt og deira vertssamfunn.
– Løysingar som kan tilby (kjensla av) normalitet og tryggheit i mellombelse og ekstreme situasjonar. Kurset vil ta for seg ulike gradar av mellombelse ordningar og søkja den beste lysinga for kvar av desse situasjonane, skriv Sandløkk vidare.
Han har sjølv arbeidd for Flyktninghjelpen/NORCAP på dei tre øyene, som elevane skal vitja.
LES OGSÅ: UDI: – Asylmottak er aldri ein god idé
Omlag halvparten av studentane som tek kurset «In-transit» er utvekslingsstudentar, medan resten tek heile utdanningsløpet på AHO.
Syriske familieband
Lurer du på kva arkitektar kan bidra med i ein krisesituasjon der folk flyktar i små gummibåtar over Middelhavet?
– Ved sida av designløysingar kan arkitektar bidra med å få prioriteringane i orden, meiner chilenske Solervicens, som gjennom kurset har lært mykje om flyktningsituasjonen i Europa.
Til no har dei mellom anna jobba med å designe enkle, mobile tilfluktsløysingar, samt å setja seg inn i situasjonen i ulike land og kva kulturar flyktningane kjem frå.
Solervicens har, saman med tyske Nadine Schmauser, sett nærare på Syria.
I det krigsherja landet er familien den viktigaste sosiale institusjonen.
Studentane viser ein modell av eit typisk syrisk hus, som gjerne har ein open plass midt i. Det både kjøler ned og gjev bebuarane eit uteareal utan innsikt.
LES OGSÅ: Syria: Eit folk på flukt
– Problemet er ikkje flyktningane
Privatliv og tryggleik er eit ordpar som går att. Fleire av arkitektstudentane meiner at dette er det absolutt viktigaste for flyktningane, og det første som forsvinn når dei vert plassert i store idrettshallar, som er tilfellet i Tyskland.
– Eg meiner det er viktig å hjelpe til med noko. Håpet er at me kan bidra med å gjere livet litt enklare for flyktningane, seier Schmauser.
23-åringen, som er på utveksling frå München, merkar at haldningane til flyktningar er i ferd med å endre seg i heimlandet. Ho var ein av dei som vart positivt overraska då Angela Merkel annonserte at Tyskland vil ta imot 800.000 flyktningar.
Nadine har merka seg at statsleiaren no modererer seg etter folkeopinionen. Ho meiner me må slutta å sjå på flyktningane som problemet.
– Problemet er ikkje flyktningane, men krigen som gjer at dei ikkje har nokon trygg plass å bu.
Ho er ikkje i tvil om at førsteprioritet for menneskjer på flukt er tryggleik. Men skal ein vere ein stad over tid må det vere leveleg.
LES OGSÅ: Færre land skal få norsk bistand
– Bør diskutera bistand
AHO har både bachelor,- master- og diplomstudentar, som jobbar med flyktningsituasjonen.
I tillegg har arkitektutdanningane i Bergen og ved NTNU, engasjert seg i problemstillinga i samarbeid med asylmottak og Trondheim kommune.
Gjennom AHO-kurset har student Eva Birgitte Storrusten lært om arkitektars arbeid i humanitære organisasjonar, ofte i situasjonar som krev rask respons.
– Som arkitektstudentar sit me på ein kompetanse, som kan vere til hjelp for menneskjer i ekstreme situasjonar. For meg personleg kjennest det meiningsfylt om me kan betra situasjonen for nokre av desse menneskja. Flyktningkrisa er enormt omfattande. Det er viktig at me får ei forståing for det og bryr oss om det. Som eit av verdas rikaste land er det viktig at me tek ei aktiv rolle og bidreg, seier 25-åringen, som meiner me må diskutera kva bistand skal vera.
Ho trur at studentane vil verte skjerma frå dei mest dramatiske inntrykka på studieturen, men ser fram til å læra mykje som kan koma godt med i seinare arbeid.