…ikkje så fort som dei skal ha deg til å tru, meiner professor i psykologi, Jean Twenge.

Faktaboks

Kjelder:

How Long Can You Wait to Have a Baby? Jean Twenge, The Atlantic.

Folkehelseinstituttet.

LES FAKTALUKK FAKTA

Kanskje har ikkje tanken slått deg endå ein gong. Eller kanskje kjenner du ei litt nagande kjensle etter kvart som åra går og du vert litt eldre. Kjem eg til å rekkje å ta utdanning, få jobb, kjøpe leiligheit og stifte familie i tide?

Den biologiske klokka tikkar jo, og mange fryktar klokka skal byrje p rase av garde når ein når tredveåra. Også mannleg fekunditet, som er den biologiske evna til få barn, synk med alderen, men særleg ille er det for kvinner.

Men er det no eigentleg noko å stresse med?

Jean Twenge er professor i psykologi ved San Diego State University. I ein artikkel i The Atlantic, spør ho kor mykje vi eigentleg veit om det ho kallar ei kjelde til djup uro hos mange unge kvinner, nemleg fekunditeten synk med alderen.

Twenge hevdar at statistikk om alder og fekunditet er eit av dei mest spektakulære døma på feilaktig rapportering og tolking av vitskapleg data ein kan finne i media.

LES OGSÅ: Men livmora mi får du aldri

Brukar tal frå 1600-talet
Det er ei kjend sak at det vert vanskelegare å få barn desse eldre ein vert. Men kor mykje vanskelegare det vert er kraftig overdrive, ifølgje Twenge.

 «1 av 3 kvinner mellom 35 og 39 år vil ikkje verte gravide etter å ha prøvd i eitt år», er ifølge professoren eit vanleg tal å møte på i media og i debattar om alder og fruktbarheit.

Ho sporar talet til ein vitskapleg artikkel publisert i 2005 i journalen Human Reproduction, basert på datamaterialet frå franske fødselsattestar mellom år 1670 til 1830. Taler er altså frå ei anna tid, då kvinnene levde utan både elektrisitet, antibiotika og fertilitetsbehandling.

Ifølgje Twenge finst der overraskande få studiar av alder og naturleg fruktbarheit, som er basert på kvinner fødd i det tjuande århundret. Dei studiane som finnast teiknar samstundes eit ljosare bilete (sjå nokre av funna nedst i saka).

LES OGSÅ: Gravide slankar seg til små barn

Sjansen for friske barn
Det er ikkje berre frykta for ikkje å kunne få barn som fører til ei kjensle av ei klokke som tikkar.

Frykta for spontanbort og fødselsskadar er også større. Twenge skriv at sannsynet for spontanabort aukar dess eldre kvinner blir, men – sannsynet for at graviditeten held fram er likevel tre gongar større enn at ein spontantaborterer.

Risikoen for kromosomfeil, som Downs syndrom, aukar også med kvinnas alder. På same tid er sannsynet for å få eit barn med kromosonfeil ekstremt lågt. 99 prosent av fostera har ingen kromosomfeil blant 35-årige gravide kvinner og 97 prosent blant 40-åringar. Ved 45 år, når dei fleste kvinner ikkje lenger kan bli gravide, er 87 prosent av fostera framleis friske, ifølgje studiar Twenge syner til.

Professoren kjem i artikkelen med to konklusjonar til dei som kjenner klokka tikke:

1.     Fertiliteten går ned med alderen.

2.     Dei aller fleste kvinner vil likevel kunne verte gravide utan assistanse til dei vert 40 år.

Snittalderen for fødande går opp
Ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI) har snittalderen har gått opp for førstegangsfødande norske kvinner:

·       I 1986-90 var norske kvinner i snitt 25,2 år då dei fekk sitt første barn.

·       I 2012 hadde snittet stege til 30,4 år.

Utviklinga er lik over heile Europa. Spanske kvinner hadde i 2011 den høgaste fødealderen i Europa med 31, 5 år.

Instituttet skriv på sine nettsider at det vert vanskelegare å bli gravid med aukande alder. Delvis skuldast dette at fruktbarheita fell naturleg, og delvis at kvinna kan få infeksjonar og andre sjukdommar som sett ned fruktbarheita.

FHI peikar på fleire risikoar med høgare alder blant fødande, som auka risiko for komplikasjonar under svangerskap og fødsel. Men, skriv FHI, risikoen er rekna ut basert på tidlegare statistikk.

Det kan difor tenkast at dagens eldre fødande har lågare risiko enn eldre fødande i tidlegare generasjonar.

Store individuelle skilnader
Anne Eskild er gynekolog og professor ved Institutt for klinisk medisin, ved Det medisinske fakultetet ved Universitetet i Oslo.

Ho seier at kvinner er mest fertile når dei er mellom 20 og 30 år, men at det er store individuelle skilnader.

– Har vi for dårleg grunnlag for å seie noko om alder og fruktbarheit hjå kvinner?

– Ja, det kan hende. Det er store individuelle skilnader. Ein antek at kvinner ikkje kan få barn 10 år før dei er i overgangsalder. Men det er ikkje godt å vite på førehand når ein vil slutte å menstruere. Nokre sluttar før dei er 45 år. Nokre menstruerer til dei er 60 år, skriv Eskild i ein epost til Framtida.no.

Er det ei myte at den biologiske klokka tikkar?

–  Nei, men det er ikkje slik at ein gjeven alder for alle kvinner, og at etter denne alderen er det umogleg å få barn. Det er store individuelle skilnader, men for alle skjer ein gradvis reduksjon av fruktbarheit med alder. Hos nokon er det ikkje berre «gamle egg» som er problemet, men andre sjukdommar og tilstander som forringar fruktbarheit. Førekomst av slike tilstandar aukar også med alderen, skriv Eskild.

Veit du om nokre studiar om norske kvinner eller som er relevante for norske kvinner om alder og fertilitet?

Eskild trur ei eventuell overdriving av kor raskt den biologiske klokka tikkar, kan ha oppstått fordi mange ikkje er merksame på at det er stor biologisk variasjon i fruktbarheit.

– Og at mange, når dei prøver å få barn i 30-åra, er utålmodige og tenkjer at der noko gale dersom dei ikkje vert gravide med ein gong.

LES OGSÅ: 45 amerikanske jomfrufødslar

Myteknusande tal
Her er nokre av myteknusarane Twenge fann, då ho gjekk gjennom nyare studiar av alder og fruktbarheit blant kvinner:

· Ein studie publisert i Obstetrics & Gynecology i 2004, leia av David Dunson, undersøkte sjansane for graviditet blant 770 europeiske kvinner. Studien fann at med samleie to gongar i veka, vart 82 prosent av 35-til-39-åringane gravide innan eitt år, mot 86 prosent blant 27-til-34-åringane. Fruktbarheita mellom kvinner i slutten tjueåra og i byrjinga av tredveåra var på si side om lag identisk.

· Ein studie publisert i Fertility and Sterility i 2013, leia av Kenneth Rothman ved Boston University følgde 2 820  danske kvinner som prøvde å verte gravide. Blant kvinnene som hadde sex i fruktbare periodar, vart 78 prosent av 35-til-40-åringane gravide innan eitt år, mot 84 prosent av 20-til-34-åringane. Denne studien synte at ein tilnærma lik sjanse for å verte gravid blant 40- og 20-åringar, når det gjaldt kvinner som tidlegare hadde vore gravide. Ei samanlikning av kvinner som tidlegare har fått barn er særleg interessant, fordi den unngår problemet med at det vert disproporsjonalt mange kvinner med låg fertilitet i eldre grupper.

· Ein studie frå 2013 leia av Anne Steiner ved University of North Carolina School of Medicine, fann at 80 prosent av 38- og 39-åringane som hadde vore gravide før og som var normalvektige vart naturleg gravide innan 6 månadar.

· Også studiar baserte på historiske fødselsattestar er meir optimistiske enn bodskapen i media ofte er. Ein studie fann at 89 prosent av 38 år gamle kvinner framleis var fruktbare i tida før ein hadde prevensjon. Ein annan studie fann at gjennomsnittlege kvinner kunne verte gravide fram til eit tidspunkt mellom 40 og 45 år.

· Ein studie som dendanske avisa Politiken omtala i 2013, syner at kvinner i alderen 35-40 år er nesten like fertile som kvinner i alderen 20-24 år. Mest fertile er kvinner i alderen 30-34 år, ifølgje undersøkinga, der 2 820 danske kvinner i alderen 20 til 40 år er med. Samtlige hadde bestemt seg for å få barn, og forskarane registrerte kor mange som vart gravide i laupet av tre månadar etter det første intervjuet. I den eldste gruppa var 72 prosent blitt gravide, mot 78 prosent i den yngste gruppa. I gruppa mellom 30 og 34 år var 87 prosent blitt gravide.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07
ANNONSE