45 amerikanske jomfrufødslar
45 amerikanske kvinner har meldt om jomfrufødsel i ei studie. I Noreg vert slike feilrapporteringar luka vekk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ein jomfrufødsel er meir kjent og av nokre anerkjent enn andre. Den skal ha funne stad for over 2000 år sidan og feirast i desse dagar.
LES OGSÅ: – Kaffi svekkjer sjansen for å bli gravid
Våre dagars jomfrufødslar
I ein studie av helsa til amerikanske tenåringar hevdar fleire kvinner at jomfrufødslar ikkje berre skjedde i dei dagar, melder Forsking.no.
Nesten 8000 kvinner vart intervjua konfidensielt, fleire gongar, gjennom 14 år. Den siste gongen var dei spurde mellom 24 og 32 år gamle.
5340 av dei intervjua hadde på eitt eller anna tidspunkt i perioden vore gravide. 45 av desse kvinnene – 0,8 prosent – fortalde at dei var jomfruer då dei vart befrukta. Dei hadde heller ikkje nytta kunstig befrukting.
LES OGSÅ: Miljøgift gjev lågare fødselsvekt
Hukommelse og seksualmoral
Forskarane trudde først det var ein programmeringsfeil som gav resultatet, men ved ein nærare sjekk synte det seg at kvinnene hadde oppgitt at dei hadde debutert seksuelt etter å ha vorte befrukta med sitt første barn.
– Me spurte ikkje spesifikt om dei hadde født som jomfru. Dei svarte på éin serie spørsmål om graviditet og ein annen serie om erfaringar med samleie, forklarar Amy Herring, professor i biostatistikk ved University of North Carolina, til Forskning.no.
Forskaren forklarar resultata med at kvinnene kan ha hugsa feil eller misforstått spørsmålet.
Men det synte seg òg at dei som meldte om jomfrufødsel hadde klåre meiningar om seksualmoral. Ein tredel av dei som meldte om jomfrufødsel hadde gjeve løfter om å vente med sex til ekteskapet. Det er dobbelt så mange av dei som fortalte at dei hadde hatt samleie før dei vart gravide.
LES OGSÅ: Éi av ti jenter har blitt pressa til sex
Lite sexsnakk
Foreldra til kvinnene som rapporterte om jomfrufødsler, hadde òg snakka mindre om sex og prevensjon med barna sine.
– Dette får meg til å tru at nokre kvinner ønskjer å gje eit godt inntrykk og tilpassa seg dei moralske standardane rundt seg. Det at nokre kvinner rapporterte på same måten meir enn éin gang i løpet av undersøkinga, støttar den hypotesen, kommenterer Herring.
Men det er ikkje berre i USA at folk melder om jomfrufødslar. Slike hendingar har vorte rapportert òg i Noreg, men vert luka ut av forskingsmateriale som feilrapportering.