– Dette er ei utvikling som går i heilt feil retning, seier NSO-leiar Therese Eia Lerøen. Sjå kva studentar som bruker minst og mest tid på studiane!

mm

Ferske tal frå Studentbarometeret viser at studentar jobbar 9,5 timar i veka. Studentane rapporterer at dei bruker 1,3 timar meir i veka på betalt arbeid enn i fjor.

Norsk Studentorganisasjon (NSO) har lenge åtvara mot at studentane ikkje har råd til å vera heiltidsstudentar, og krev at studietrygda må aukast og knytta til 1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G) og fordelt over 11 månader.

LES OGSÅ: Her gjennomfører flest studentar

– Me ønskjer at studentane skal bruka meir tid på studiane, ikkje på deltidsjobben. Studentane må ha ein økonomi som gjev dei høvet til å studera på heiltid og møta ein krevjande og engasjerande utdanning der dei opplever å utfordrast og inkludert i fagmiljøet. Me har eit stykke igjen å gå før studentane kan vera aktive deltakarar i fagmiljøa og får den kvaliteten dei har krav på, seier Therese Eia Lerøen, og etterlyser ei mentorordning i høgare utdanning.

LES OGSÅ: Studielånet er så mykje mindre verdt

Her er studentane som bruker mest og minst tid på studiane i løpet av ei vanleg veke:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07
ANNONSE